Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Barnehage

Barnehagane i Ål

I Ål kommune er det fem kommunale barnehagar:

Nordbygdene barnehage

Sando barnehage

Skattebøl barnehage

Sundre barnehage

Torpo barnehage

Søknad om barnehageplass

Det vert nytta elektronisk søknad for å søke barnehageplass i Ål kommune.

Den elektroniske søknaden skal nyttast både i samband med hovudopptaket (søknadsfrist 1. mars) og dersom det skal søkjast om plass i løpet av barnehageåret.

Ikkje alle får oppfylt sin 1. prioritet ved tildeling av plassar. Det er difor viktig å sette opp fleire barnehagar i prioritert rekkefylgje. Opptaket vert gjennomført etter vedtekne opptakskriterium. Dersom det ikkje er ledige plassar i dei prioriterte barnehagane på søknaden, vil det bli tildelt plass i ein av dei barnehagane som har ledig kapasitet. Du kan legge inn så mange søknader du vil, men det er alltid den siste registrerte som blir teke med i opptaket.

Plassar i hovudopptaket vert tildelt frå oppstart av det nye barnehageåret, som startar samtidig med skuleåret. Dersom det er behov for å starte opp tidlegare, kan det meldast frå til barnehagen som du har fått tildelt plass i innan 1. juni. Å få starte opp i perioden frå 1. august til nytt barnehageår startar, vil vere avhengig av ledig kapasitet.

Dersom du ikkje har tilgang til internett, eller dersom du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å fylle ut den elektroniske søknaden, kan du ta kontakt med servicetorget på Tingstugu eller ein av barnehagane.

Vi vil tilrå at du registrerer deg som brukar og loggar inn i den elektroniske skjemabasen. Vel du å logge deg inn, kan du lagre utkast av søknaden sjølv om du ikkje er ferdig med utfyllinga. Du vil også få eit oversyn over kva for søknader du har sendt inn til kommunen.

Skjema for søknad om barnehageplass

Søkjarar som ikkje har 11-sifra personnummer kan ikkje nytte den elektroniske søknaden. Ta kontakt med Servicetorget for søknadsskjema.

Endring eller oppseiing av tildelt barnehageplass

Endring eller oppseiing av tildelt barnehageplass
Det kan søkjast om endring av tildelt barnehageplass. Det kan søkjast om fylgjande endringar:

  • Søknad om utviding av plass
  • Melding om redusering av plass
  • Søknad om endring av dagval
  • Søknad om overføring til annan barnehage

Det skal nyttast elektronisk skjema for å sende inn søknad om endring. I den elektroniske søknaden må datoen det vert søkt endring frå, førast opp.

Søknad om endring av barnehageplass vert tildelt etter venteliste ved ledig kapasitet. Dersom endringa gjeld redusering av plass, er det ein månad oppseiingstid, rekna frå den 1. i månaden etter at kommunen har motteke meldinga.

Skjema for endring av barnehageplass

Oppseiing av heile barnehageplassen

Dersom heile barnehageplassen skal seiast opp, skal elektronisk skjema for oppseiing av plass nyttast.

Dato for når plassen vert sagt opp frå må førast opp. Ved oppseiing av barnehageplass, er det ein månad oppseiingstid, rekna frå den 1. i månaden etter at kommunen har motteke meldinga.

Det er ikkje høve til å seie opp ein plass innafor eit barnehageår etter 1. april. Plassen må seiast opp før 1. april og barnet må takast ut før 1. mai.

Skulestartarar er tildelt barnehageplass fram til dagen før skulestart. Plassen vert atuomatisk sagt opp og den treng difor ikkje seiast opp ved å sende inn elektronisk skjema.

Skulestartarar som ynskjer det, kan slutte 1. august. Då må plassen seiast opp innan 1. mai på elektronisk skjema.

Skjema for oppseiing av barnehageplass

Rett til barnehageplass

Lov om barnehagar §12 a slår fast fylgjande:

"Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august Barn som fyller ett år i september eller oktober det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage frå den månaden barnet fyller ett år. Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt.

Kommunen skal ha minimum ett opptak i året. Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen."

Nytt frå 2017 er at barn født i november også skal ha rett til barnehageplass frå den månaden som dei fyller eitt år. Barn født i november og som vil nytte seg av retten må også søkje i hovudopptaket. 

I Ål kommune er det eitt hovudopptak i året. Søknadsfristen for å vere med i hovudopptaket er 1. mars.

Retten gjeld berre ved søknad i hovudopptaket og dersom plassen vert teke i bruk innan utgangen av august. Dersom det vert søkt om plass elles i året, enten ny plass eller utviding av plass, har barnet ikkje rett til plass, men vil få tildelt plass etter ledig kapasitet.

Barnehagetilbod til barn med spesielle behov

Enkelte barn kan ha behov for spesielt tilrettelagt barnehagetilbod eller bli prioritert ved opptak.

I følge Lov om barnehagar § 13 har barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er gjort vedtak om etter Lov om barnevernsteneste §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd rett til prioritet ved opptak.

For å få prioritet ved opptak, må det leggjast fra sakkunnig uttale. Sakkunnig uttale må gjevast frå helsestasjon, PPT (pedagogisk psykologisk teneste), barnevern eller lege. Sakkunnig uttale kan ikkje leggjast ved som vedlegg til elektronisk søknad, men må sendast i eige brev til Ål kommune v/oppvekstkontoret, Torget 1, 3570 Ål og merkast Sakkunnig uttale - barnehageplass, så raskt som råd etter at elektronisk skjema er sendt inn. Foreldre/føresette har sjølv ansvar for at dokumentasjonen vert sendt inn og vert ikkje etterspurt om det er kryssa av for prioritet ved opptak på det elektroniske skjemet og dokumentasjon ikkje er motteke.

I dei fleste tilfelle vil det pedagogiske tilbodet i barnehagen vere godt nok for å stette barna sine behov. Men i nokre få tilfelle, er det nødvendig med eit styrka barnehagetilbod.

Betalingssatsar/betalingsreglement

Kommunestyret har i sak 65/16 vedteke fylgjande betalingsreglement i barnehage: 

  1. Betalingssats
    5 dagars barnehageplass – kr 2 730,- pr månad
    4 dagars barnehageplass – kr 2 500,- pr månad
    3 dagars barnehageplass – kr 2 050,- pr månad

  2. Syskenmoderasjon
    Det vert gjeve 30 % syskenmoderasjon i foreldrebetalinga for barn nr 2 og 50 % syskenmoderasjon for barn nr 3 eller fleire.
  3. Moderasjonsordningar for hushaldningar med låg inntekt:
    a) Reduksjon i foreldrebetalinga.
    b) Gratis kjernetid for 3, 4- og 5-åringar.

    Sjå her for meir informasjon og søknadsskjema

  4. Kjøp av ekstra dag
    Barn med fast plass kan ved ledig kapasitet gjere avtale med barnehagen om å kjøpe ekstra dagar. Kjøpedagar kostar kr 250,- pr dag.

  5. Mat i barnehagen
    Mat i barnehagen skal vere sjølvfinansiert og kjem i tillegg til sats for foreldrebetaling.
  6. For sein henting
    Føresette som gjentatte gonger ikkje hentar sine barn til rett tid, må etter ein skriftleg advarsel betale kr 150,- pr. påbegynt ½ time ved for sein henting.

  7. Utsending av faktura
    Det vert sendt faktura for 11 månader.
    Juli er betalingsfri månad og føreset at barnet er ute fire heile veker i løpet av året. Forfallsdato 20. i kvar månad. 

  8. Manglande betaling
    Ved manglande foreldrebetaling i meir enn 2 månader, vert det sendt varsel om oppseiing av plassen. 

Kontantstøtte

Barn som mottek kontantstøtte og som søkjer barnehageplass, vil få ei avkorting i kontantstøtta etter kor stor barnehageplass barnet får tildelt.

Her kan du lese meir om kontantstøtte

Føresette pliktar å gje melding til det lokale NAV-kontoret kor stor barnehageplass barnet har.

Moderasjonsordningar

A) Syskenmoderasjon
Det vert gjeve 30 % syskenmoderasjon i foreldrebetalinga for barn nr 2 og 50 % syskenmoderasjon for barn nr 3 eller fleire.

B) Reduksjon i foreldrebetalinga pga låg inntekt
Ingen familiar skal betale meir enn seks prosent av inntekta for ein barnehageplass. Ein familie eller hushaldning som kan dokumentere ei samla skattepliktig kapital- og personinntekt på mindre enn kr 486 750 jf siste sjølvmelding, kan søkje om redusert betalingssats.

Det skal søkjast om redusert sats på elektronisk skjema. Her kjem du til det elektroniske skjemaet.

C) Gratis kjernetid for 3, 4- og 5-åringar. 3, 4- og 5-åringar og barn med utsett skulestart som bur i hushaldningar med låg inntekt har rett på 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr veke. Familiar eller hushaldingar som har ei samla inntekt på mindre enn kr 417 000 jf siste sjølvmelding, kan søkje om redusert betalingssats.

Det skal søkjast om redusert sats på elektronisk skjema. Her kjem du til det elektroniske skjemaet.

Søkjarar som har rett på begge ordningar, skal sende søknad berre ein gong.

Her finn du meir informasjon om ordningane med redusert betalingssats 

Vedtekter

Det er utarbeidd vedtekter for dei kommunale barnehagane i Ål.
Desse finn du her 

 

Ferie og fridagar

Nokre dagar i året er barnehagane stengt:

Planleggingsdagar
Alle barnehagane har 5 dagar kvart år til planlegging. Desse dagane er barnehagane stengt. Dagane er spreidd utover i barnehageåret, og er, så langt det er råd, lagt saman med skulane sine planleggingsdagar. Den første av dei er alltid før barnehagestart i august. De vil få beskjed i god tid når desse dagane er.

Ferie
Krav om barnehagebetaling vert sendt ut for 11 månader, der den 12. månaden er betalingsfri. Denne månaden vert rekna som barna sin ferie. Dersom det ikkje vert teke ut ferie for barna (fire feireveker), vert ekstra betaling pårekna.

Alle kommunale barnehagar har stengt mellom jul og nyttår og mellom palmesundag og skjærtorsdag i påskeveka. Dette blir rekna som ei ferieveke.

Alle kommunale barnehagar har stengt dei to siste vekene i juli (veke 29 og 30).

Følgande reglar for ferie gjeld:

  • Ferien skal vere planlagt og avtalt på førehand.
  • Ei heil ferieveke er det same tal dagar barnet har barnehageplass.J
  • Jul og påske vert rekna for ei ferieveke.
  • Brukar barnet likevel barnehagen ein dag i oppsett ferieveke, blir ikkje dette rekna for heil ferieveke.

MIB

MIB står for Menn i barnehagen. MIB er eit nettverk for menn som arbeider i barnehagane.

I Hallingdal er det oppretta eit regionalt nettverk. MIB-Hallingdal er både eit formelt - og uformelt nettverk, og nettverksmøte har som mål å samle alle menn som jobbar i Hallingdalsbarnehagane.

Hensikten med møtene er å ta vare på dei menn som allereie jobbar barnehagane og å rekruttere fleire til yrket. Målet er og å få til eit mannsmiljø på tvers av barnehagane uavhengig av kommune ein jobbar i. Fleire menn opplever å vere aleine som mann på jobb saman med mange kvinner og difor er disse nettverkssamlingane nødvendige og nyttige for svært mange.

Kontaktperson på Ål for MIB-Hallingdal:

Bernt Ivar Hjelmsø, styrar Sando barnehage

Tlf: 32085466/95788891                                                                                                                              

e-post: bernt-ivar.hjelmso@aal.kommune.no


Her finn du meir informasjon om MIB 

Samarbeid med hjelpeinstansar

Tverrfagleg team er eit førebyggande initiativ som skal gripe inn raskt og ha ein rådgjevande og rettleiande funksjon. Føremålet med tverrfagleg team er tidleg innsats i høve barn/unge og familiane deira, og byggjer på ideen om at me saman får til nødvendig endring og utvikling. 

Tverrfagleg team er sett saman av kontaktpersonar frå pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), barneverntenesta, helsestasjonen og psykisk helse. PPT, helsestasjonen og psykisk helse møter fast i tverrfaglege møter saman med representantar frå den einskilde barnehage og skule. Representanten frå barneverntenesta deltek ved innkalling. Andre instansar kan inviterast etter behov. 

Tverrfagleg møte skal vere eit lågterskeltilbod til barnehage, skule og føresette. Målet med møta er å gje fagleg støtte så tidleg som mogleg. Med fleire instansar til stades kan ein hjelpe raskare og gjere arbeidet meir effektivt. 

Føresette som ynskjer hjelp i tverrfagleg møte, kan ta kontakt med eigen barnehage eller skule. Dersom tilsette ynskjer å drøfte enkeltbarn, skal føresette få høve til å vere med på møtet eller gje samtykke til ope drøfting. Eit anna alternativ er anonym drøfting.

Informasjonshefte om hjelpeinstansar

 

 

 

Overgang barnehage-skule

 

Ål kommune har utarbeidd eigen overgangsplan mellom barnehage og skule.

Overgangsplanen skal sikre samanheng i læringsløpet til barn. Barna og deira føresette skal føle seg trygg på at alle blir møtt av ein barnehage og skule som kjenner dei og legg til rette for ein god start.

Overgangsplanen skal sikre:

  • Gode rutinar, lik praksis og systematisk samarbeid mellom einingane.
  • Ein meiningsfull samanheng i læringsløpet.
  • Tidleg innsats for barn med særskilte behov.
  • Ein trygg skulestart for barn som byrjar i 1.klasse og for dei føresette.

Det er utarbeidd eit eige informasjonshefte om overgangen barnehage-skule.

Du finn informasjonsheftet her 

Skuleruta

Sektorutval for kultur og oppvekst vedtek kvar haust skuleruta for komande skuleår. Skuleruta gjev oversikt over skuledagar, ferie- og fridagar i grunnskulen.

I Ål kommune startar barnehageåret samtidig med skuleåret.

Skuleruta 2016/2017

Skuleruta 2017/2018

Planar, prosjekt og rapportar