Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Val 2017

Val til Stortinget vert halde kvart fjerde år. Nyttar du stemmeretten din er du med på å velje dei personar og parti som skal styre landet vårt dei neste fire åra.Stortingsval og sametingsval

logo ValStortingsval og sametingsval 2017

Valdagen er måndag 11. september, på Ål kulturhus kan du også stemme sundag 10. september. Ål har tre røystekrinsar og vallokale vil vere på Torpo grendehus, Leveldtun og på Ål kulturhus (Syningen).

Røystestad:                          Røystekrins:                   Sundag 10.09.                  Måndag 11.09.
Ål kulturhus, Syningen         Nedre Ål                          kl. 15.00-19.00                  kl. 10.00-20.00
Leveldtun                              Nordbygdane                   ikkje val sundag                kl. 10.00-20.00
Torpo grendehus                   Torpo                               ikkje val sundag                kl. 10.00-20.00            

Om du ikkje har høve til å stemme på valtinget kan du førehandsrøyste på Servicetorget fram til 8. september,
opningstid 09.00-15.30.

Du kan også førehandsrøyste på Biblioteket:
Laurdag 2. september kl. 10.00-14.00
Måndag 4. september kl. 17.00-20.00
Torsdag 7. september kl. 17.00-20.00

Les meir om val under punkta til venstre på sida eller på regjeringa sine temasider valg.no

Buskerud fylke sine val-lister til stortingsvalet

Buskerud har ni mandatar til stortinget. Ved Stortingsval er det fylkesvalstyret sitt ansvar å godkjenne parti og grupper sine framlegg til vallister. Følgjande parti/grupper har levert framlegg til liste i Buskerud: lenke til BFK sine valsider

Listene med kandidatnavn kan du sjå her: lenke til Buskerud Fylkeskommune - godkjente listeframlegg

Valstyre

Alle kommunar har eit valstyre vald av kommunestyret. Valstyret er ansvarleg for å førebu og avvikle stortings- og sametingsval, kommunestyre- og fylkestingsval og eventuelle folkerøystingar.

Ål kommune sitt valstyre for perioden 2015 - 2019 har 7 medlemmer:

Solveig Vestenfor (Ap), Dagfinn Bøygard (Ap), Ole Egil Trintrud (Sp), Torleif T. Dalseide (V), Torhild Helling Bergaplass (H), Ingeborg Kaslegard Frydenlund (Krf), Ida Marie Holen (Frp)

Møteinnkallingar og -protokollar for valstyret finn du her.

Adressa til valstyret er:

Valstyret i Ål. Torget 1, 3570 Ål

Epost: postmottak@aal.kommune.no Telefon: 3208 5000.
Sekretær for valstyret og administrativ ansvarleg for valførebuing er Tove Østingsen

Stemmerett og manntall

Stemmerett ved stortingsval har:
Norske statsborgarar som

  • har fylt 18 år innan utgangen av valåret og som
  • er, eller nokon gang har vore, folkeregisterførte som busette i Noreg og
  • ikkje har mist stemmeretten etter Grunnlova sin § 53

For å kunne stemme må du vere innført i manntalet i ein kommune. 

Står du i manntalet?

Manntalet er oversikta over alle som har stemmerett i ein kommune. Alle med stemmerett blir automatisk førte inn i manntalet i den kommunen der dei var registrerte som busette per 30. juni i valåret.

Dersom du har flytt til ein annan kommune etter 30. juni i valåret, er du framleis registrert i manntalet, og har stemmerett, i den kommunen du flytte frå.

Valmanntalet for Ål kommune ligg ute til offentleg ettersyn så snart det let seg gjera etter 1. juli og til og med valdagen på følgjande stader:

Ål bibliotek - Servicetorget på Tingstugu.

Om du er manntallsført i ein annan kommune kan du likevel stemme på førehand i Ål, men du kan ikkje stemme i Ål på sjølve valdagen.

Manntalet vert gjort tilgjengeleg for Ål kommune 1. juli. Oppdateringar/rettingar etter dette kan berre skje i særskilde høve.
Om du meiner det er feil i manntalet må du ta kontakt med valstyret i kommunen snarast. Krav om retting skal vere skriftleg og grunngjeve.

For velgjarar busett i utlandet gjeld:

Om du bur i utlandet, men har vore folkeregistrert som busett i Noreg ein eller annan gang dei siste ti åra, blir du automatisk ført inn i manntalet i den kommunen der du var registrert som busett da du flytta frå Noreg.

Dersom du ikkje har vore registrert som busett i Noreg dei siste ti åra, må du søkje den siste bustadkommunen din om å bli ført inn i manntalet. Du søkjer ved å skrive under på den omslagskonvolutten som blir brukt ved førehandsstemming utanriks. Viss du førehandsstemmer i Noreg eller ikkje brukar den nevnte omslagskonvolutten, må du søkje særskilt. Dette kan du gjere i eit vanleg brev eller ved å bruke skjemaet som du finn under.

Søknaden må innehalde ei erklæring om at du framleis er norsk statsborgar. Søknaden må kome fram til valstyret i den kommunen der du sist var registrert i folkeregisteret som busett innan 12.september kl. 17.00.

Søknadsskjema for innføring i manntalet

Valkort og legitimasjon

Valkort

Alle veljarar får tilsendt valkort. Valkortet blir laga ut frå folkeregisteret sine opplysningar om kvar du er busett per 30.juni i valåret. Det er altså denne adressa som avgjer i kva kommune du har stemmerett og står i manntalet.

På valkortet finn du informasjon om vallokale og opningstid på valdagen.

Viss du stemmer på førehand kan du gjere dette i kommunar kvar som helst i landet. Om du ikkje stemmer i den kommunen der du står i manntalet blir stemmen din sendt til heimkommunen din.

Du må ikkje ha med deg valkortet for å stemme, men det forenklar arbeidet for valfunksjonærane og det vil difor gå raskare for deg å stemme. Har du ikkje motteke valkortet i posten, eller har mista det, kan du likevel møte opp for å stemme.

Valkorta blir sendt ut slik at dei skal vere veljarane i hende innan den ordinære førehandsstemmeperioda tek til 10.august. Valkortet gjeld ikkje som legitimasjon.

Legitimasjon

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for stemmemottakar skal legitimere seg. Ta difor med legitimasjon når du skal stemme, det er ikkje nok å gi opp namn og fødselsdato.

Døme på legitimasjon er pass, førarkort og bankkort med bilde, men du kan og bruke annan legitimasjon. Kravet er at den inneheld opplysning om namn, fødselsdato og bilete.

Førehandsstemming

Om du ikkje har høve til å stemme på sjølve valdagen er det mogleg å stemme på førehand.

Viss du har stemt på førehand kan du ikkje stemme på nytt på valdagen. Du kan heller ikkje stemme på førehand fleire gonger.

Du kan stemme på førehand i kommunar kvar som helst i heile landet.   Viss du stemmer i ein annan kommune enn den du er registrert som busett i, vil ikkje vedkomande kommune ha stemmesetlane til din kommune. Du får då utdelt ein stemmesetel med namn på alle dei registrerte politiske partia, utan kandidatnamn, og må krysse av for, eller skrive på, kva for parti/gruppe du vil stemme på.
Du kan ôg nytte stemmesetlar som du har med deg frå eigen kommune. Det same gjeld om du stemmer utanfor fylket ditt i fylkestingsvalet.

Tidlegstemming 1. juli - 9. august

Du kan stemme frå 1. juli dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen.

I perioden 1. juli til og med 9. august kan du i Ål kontakte Servicetorget i kommunen og avtale tid for å stemme tidleg. Du treng ikkje valkort, men ta med legitimasjon.

Førehandsstemming 10. august - 8. september

Den 10. august startar den ordinære førehandsstemminga. Du kan stemme på førehand fram til og med fredag 8. september.

Det er kommunen som tek imot førehandsstemmer. I Ål kan du stemme på førehand på Servicetorget  i kommunehuset i ordinær opningstid : måndag til fredag kl. 09 – 15.30

I tillegg vert det halde ope for førehandsstemming ved Ål bibliotek : Laurdag 2.september  kl. 10-14, måndag 4. september og torsdag 7. september kl. 17-20. Hugs å ta med valkort og legitimasjon!

Her kan du sjå framgangsmåten når du stemmer på førehand i eigen kommune i perioden 10.august - 8.september (lenke til valg.no)

Her kan du lese meir om framgangsmåten når du stemmer på førehand i ein annan kommune enn der du bur (lenke til valg.no).

Ål helsesenter

Førehandsrøysting på Ål helsesenter onsdag 6. september kl. 11-15

Er du sjuk eller ufør?

Viss du ikkje kan komme til eit vallokale fordi du er sjuk eller ufør, kan du søkje valstyret i kommunen om å få stemme heime eller der du held til. 
Viss du får samtykke i å stemme heime, kjem det nokon frå kommunen heim til deg og tek imot førehandsstemma der.

Om du sender søknaden i posten er adressa : Valstyret i  Ål kommune, Torget 1, 3570 Ål.
Søknaden må ikkje vere skriftleg, du kan og ringe Servicetorget 32085000 og melde frå om at du ynskjer å få stemme heime.

Stemme i utlandet

Veljarar som oppheld seg utanlands, kan stemme på førehand anten i Noreg eller i utlandet, på Svalbard og Jan Mayen. Dette gjeld både for veljarar som er busette i utlandet, og veljarar som oppheld seg mellombels i utlandet.

Du kan stemme på førehand i utlandet frå 1. juli til og med fredag 1. september 2017. På Svalbard kan sysselmannen setja frist for å stemme på førehand tidlegare enn 8.september for å sikre at stemmene kjem fram i tide. Du er sjølv ansvarleg for å røyste så tidleg at stemma kjem fram til riktig kommune innan kl. 17.00 dagen etter valdagen, tysdag 12. september. Hugs derfor å stemme så tidleg at stemma kjem fram i tide med normal postgang.

Det blir ikkje brukt valkort ved førehandsstemminga i utlandet. Det einaste du treng å ta med er legitimasjon.

Det er mogleg å stemme på førehand ved dei fleste norske utenriksstasjonar, det vil seie ambassadar, generalkonsulat og konsulat, og hos stemmemottakarar oppnemnde av Sysselmannen på Svalbard og av Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Her kan du lese meir om korleis du stemmer i utlandet.

Du kan og sende stemmen din i brev. Framgangsmåten for dette står i valforskrifta §28 (Lovdata).