Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Ordføraren si side

Bilete av Solveig Vestenfor, ordførar

 

Skryteliste for januar 2017: 

Filmen om Hillbilly Huck-festivalen har sjarmert heile TV-Noreg med entusiasmen til lokale heltar i alle aldrar, både framom og bakom skjermen. 

Open dag på Hallingdal Sjukestugu og Ål helsesenter vart ein suksess, med nærare 400 besøkande, frå heile dalen.  

Stein Torleif Bjella sine tekstar har fått strålande kritikkar i oppsetninga «Kan nokon gripe inn?», med strålande skodespelarhjelp av Kjersti Dalseide 

Lokale musikarar som Stein Torleif Bjella, Erlend Apneseth og Tor Egil Kreken (Darling West) har alle vore med i fremste rekke og konkurrert om spelemannsprisar i ulike kategoriar. 

Sundreball har nok ein gong vorte gjennomført med glans, m.a. pga. urframføringa til jentebandet «Black Horses» . 

Til alt overmål har Øystein Bråten vunne gull i X-games.  

Og alt dette på ein månad. Eg berre nemner det. 

Nokon betre?  

Solveig Vestenfor, Ordførar