Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Reguleringsplanar

Områdereguleringsplanar og andre reguleringsplanar gir detaljert oversikt over arealbruken innanfor eit avgrensa område.

Ein reguleringsplan består av planomtale (tekstdel), kart og føresegner. Den er juridisk bindande og fortel kva ulike areal kan brukast til. Deter viktig å kjenne kva reguleringsplanen seier før du set i gang med å planlegge bygging eller andre tiltak.

Ein reguleringsplan kan vera fremja av private eller av kommunen og gjelde eit større område (områderegulering) eller vera meir detaljert og gjelde eit mindre område (detaljregulering). Det er kommunestyret som vedtek reguleringsplanane etter at dei har vore ute til offentleg høyring. Viss du ynskjer å endre ein reguleringsplan eller regulere eit nytt område, er det lurt å ta kontakt med ein sakshandsamar for å få rettleiing.

For å finne ut kva reguleringsplan som gjeld i eit område kan du slå opp i Hallingkart.
Viss du veit namnet eller id-nummeret til planen kan du slå opp i planarkivet vårt eller du kan leite fram riktig plan.

Planarkivet innheld alle reguleringsplanane i Ål (både gamle planar som ikkje gjeld lenger, gjeldande planar og planar under arbeid).
Planar som er ute til høyring finn du under Høyringar

For rettleiing eller hjelp, ta kontakt med ein av oss:

Silje Utne Bjørke
Berit Heitmann
Reidun Aaker