Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Kommunedelplan for Sundreområdet

1. gongs offentleg høyring

Planmateriale 1. gongs offentleg ettersyn:

Komplett materiale finn du på heimesida til Ål kommune under:
http://www.hallingkart.no/webplan0619/
Søk på plan Kommunedelplan for Sundreområdet, plan ID 2014001

Vedtak i Kommuneplanutvalet - KPU

Vedtak i KPU 20.02.2017 Endring av plan etter offentleg ettersyn

Vedtak i KPU 06.03.2017 Endring av plan etter offentleg ettersyn

Vedtak i KPU 29.05.2017 Endring av plan som følgje av forhandling

2. gongs offentleg høyring

Ål kommune legg med heimel i plan- og bygningslova § 11-14 framlegg til Kommunedelplan for Sundreområdet ut til offentleg ettersyn i perioden 25.06.2017 - 15.08.2017. Her finn du informasjonsskriv om høyringa.

Da planen låg ute til offentleg ettersyn i perioden 15.09.2016 - 01.11.2016, ber me berre om merknader til endringane i planframlegget.

Her finn du materialet som ligg ute til offentleg ettersyn:

  1. Plankart kommunedelplan for Sundreområdet - datert 21.06.2017
  2. Framlegg til planføresegner - datert 21.06.2017
  3. Plankart med omsynssoner
  4. Samla saksframlegg for Kommunedelplan for Sundreområdet
  5. Notat som skildrar endringar i planframlegget mellom 1. gongs og 2. gongs offentleg høyring.
  6. Konsekvensvurdering av planen - datert juni 2017

For skildring av planen og anna bakgrunnsmateriale, sjå 1. gongs offentleg høyring

Du kan sende merknad elektronisk via denne lenka.

Framdriftsplan

Planframlegget som nå ligg ute til offentleg høyring har vore drøfta med Statens vegvesen og Fylkesmannen i Buskerud, da det var motsegn til planframlegget etter 1. gongs offentleg ettersyn.

Dersom det ikkje kjem nye motsegn til planframlegget, vil planen bli eigengodkjent i Ål kommunestyret i september 2017.