Ål kommune

- kulturkommunen

  Kontrast   English   Kart   Nettstadkart   Tekststørrelse   Kontakt oss

Om Ål kommune

Velkomen til Ål kommune - kulturkommunen

Fakta om Ål

Ål er den største kommunen i Hallingdal. 

Fylke: Buskerud
Innbyggjartal: ca. 4.800
Flatemål: 1.173 kvadratkilometer
Høgaste fjelltopp: Raudbergnuten 1.819 moh
Tettstad: Sundre

Ål har tre kyrkjesokn: Ål, Leveld og Torpo

Høgde over havet: Om lag 80 % ligg høgare enn 900 moh

Tilkomst:  Rv. 7 Oslo, Bergen, NSB Bergensbanen, bussamband
Avstand frå Oslo: 220 km
Avstand frå Bergen: 240 km

Næringsliv

Ål har eit variert næringliv. Mange arbeidsplassar er  knytta til primærnæringane og offentleg tenesteyting. Ål er ei tradisjonell landbruksbygd og største husdyrkommunen i Buskerud og det er sau, kyr og geit som dominerer. 

Hallingdal sjukestugu (avdeling under Ringerike sykehus) med sitt sjukehustilbod til dalen i tillegg til det kommunale helsestellet, base for Norsk Luftambulanse og felles legevaktsentral gjev bygda stor helseekspertise og mykje helsepersonell. 

Hyttebygging har dei siste åra ført til oppgang i bygg- og anleggsnæringa.  

Barnehage og skular Ål kommune har full barnehagedekning. Tilbodet er fordelt på fem barnehagar. Kommunen har fire barneskular, ein ungdomsskule og Ål vaksenopplæring. I tillegg har vi Ål vidaregåande skole og Ål folkehøyskole og kurssenter for døve. 

Kulturkommunen
Ål er kulturkommunen i Hallingdal. Vi har eit levande kulturliv med Ål kulturhus som storstugu med spennande eigenproduksjonar og gjestande artistar av høg internasjonal kvalitet. 

Det finst eit mangfald av friviljue lag og organisasjonar, oversikt finn du her: www.aal.kommune.no+kultur 

Oversikt over store årlege arrangement og kva som skjer, finn du på Ål Turisinformasjon si heimeside www.al.no

Presentation of the Municipality

Kommunevåpenet
Motivet i kommunevåpenet er "Åkle-mønster" frå Ål. Dei tre mønstra symboliserer samstundes dei tre kyrkjesokna i kommunen med tettstadane Sundre, Leveld og Torpo.

Administrasjon

Organisasjonskart

Miljøfyrtårn