- Planframlegg

Utkast til ny arealdel for Ål.
Planen har ligge ute til offentleg ettersyn i perioden 01.11.08 - 05.12.08. Høyringsfristen er nå ute. Det har pr d.d. kome inn ca 70 merknader til planframlegget. Merknadene vert nå gjennomgått og vurdert. Planen vil bli lagt fram for vidare politisk handsaming så snart Ål kommune har kontroll på om der er merknader som krev endring av planen. Det har pr d.d. kome inn to brev med motsegn til planframlegget. Desse må være avklart før planen kan eigengodkjennast.

Høyringsfrist: 
5. desember 2008. Fristen for å kome med nye merknader er nå ute. 

Offentleg møte:
Planframlegget vart presentert i Ål kulturhus, måndag 13. oktober 2008 kl 19:30

Merknader:
Merknader skal sendast Ål kommune, Utviklingsavdelinga, 3570 Ål. Merk brevet med "merknader til fralegg til ny arealdel". Merknader kan også sendast pr epost: postmottak@aal.kommune.no

Vedtak
KPU vedtak av 11.08.08 - offentleg ettersyn
KPU vedtak av 20.10.08 - ekstra handsaming av område for motorsport og stølsbuer i LNF - 1

Plankart

Plankart - heile Ål 
Plankart - heile Ål - med vassdrag


Då Ål kommune er ein stor kommune i areal, er det tatt ut utsnitt for dei mest akutelle utbyggingsområda i ein større målestokk.

Kartutsnitt - Sangefjell
Kartutsnitt - Torsbu/ Kvinnegardslia
Kartutsnitt - Leveld
Kartutsnitt - Vats
Kartutsnitt - Votndalen/Votndalsåsen
Kartutsnitt - Torpo sentrum
Kartutsnitt - Torpoåsen

Føresegner
Framlegg til føresegner og retningsliner

Skildring av planframlegget
Det er utarbeidd ein skildring av planframelgget som også inneheld ei enkel konsekvensvurdering og ein oversikt over alle nye byggjeområde i planen. Her finn du skildringa av planframlegget

Publisert
04.01.2008
Sist endra
19.12.2008
Publisert av
Berit Heitmann

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune