Venskap Ål-Sololá

Venskapsavtala mellom Ål kommune og Sololá kommune i Guatemala vart underteikna i mai 1999 og er fornya siste gong i mars 2005. Avtala omfattar erfaringsutveksling om lokaldemokrati, likestilling, miljøvern, reiseliv, kultur, landbruk og skule.

 

 

 

 

10. februar 2009 kom to nye lærarar frå Sololá til Ål.

Det er Juan Luis (26 år) og Alberto (29 år).

 Dei arbeidar på Ål ungdomskule og på Nedre-Ål skule kor dei er med i undervisninga i spansk, musikk, kunst og handverk, matematikk og naturfag. Dei skal vera på Ål til 16. november.

Dei vil gjerne praktisere norsk og bli kjent med folk og kultur, ta kontakt med vennskapskomiteen om du vil treffa dei eller be dei med på noko.

Juan Luis sin blogg frå opphaldet på Ål finn du mykje foto og anna.

Treff på Que Pasa tysdagar  kl. 18.00 - 20.00

Det er og mogeleg å treffa dei på Que Pasa tysdagar mellom kl. 18.00 og 20.00. Då kan alle som vil prate eller lære spansk, og/eller er interessert i Guatemala og Latin Amerika møte opp til uformelt samvær.
 

Venskapssamarbeidet mellom Ål og Sololá har to store prosjekter gående.

Utveksling med Fredskorpset.

  I dei tre første rundene har det delteke lærarar.

Vi er nå inne i 4. runde. I oktober dro læraren Ståle Berge med familie til Sololá,  Og  sjukepleiaren Ingrid Løkensgard Bakkeplass. Dei finn seg godt til rette og kjem med gode tilbakemeldingar. Dei skal vere i Sololá ut juli 2009.

 

Gro Offerdal og Hilde Bjørnsvik            var dei fyrste deltakerane i lærarutvekslingsprogrammet      mellom Ål og Sololá.

Her finn du meir om fredskorpset

Kvar fredag er det stor marknad i Sololá.

 

MIC- prosjektet

er det andre store prosjektet, kommune til kommune samarbeid (Municipal International  Cooperation Programme). Dette prosjektet er finansiert av Kommunenes Sentralforbund.

Prosjektet ble satt i verk i mai 2008 og satsingsområdene er deltaking i lokalstyre og kvinners deltaking i lokaldemokrati.

 

Her er meir informasjon om MIC

Publisert: 11.12.2007
Sist endra: 31.10.2009
Oppretta av: Inger Magnum

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg