Undervisningssjukeheim

Bilete frå Ål bu- og behandlingssenter 

Ål kommune vart i mars 2008 tildelt ansvaret for å drive satelittundervisningssjukeheimen (USH) for Buskerud. Hovudundervisningssjukeheimen (HUSH) for helseregion Sør ligg i Songdalen kommune i Vest-Agder fylke.

Ål bu- og behandlingssenter er ein sjukeheim med 52 plassar, 3 dagsenter driven av kommunen og 2 dagsenter driven av frivillige eldre. I tillegg har dei heimebaserte tenester.

I tett samarbeid med Høgskulen i Buskerud skal Ål USH Buskerud byggje opp eit aktivt kompetanse- og fagutviklingsmiljø innan sjukeheimen og dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Målet er at dette skal auke rekrutteringa, koma pasientane til gode samtidig som andre kommunar skal kunne nyte godt av det.

Nyheiter

 

Nettverk - palliasjon og kreftomsorg

Eldres tannhelse krever ekstra innsats.
Tannhelsen hos eldre, uføre og langtidssyke er blitt betydelig bedre de siste tolv årene. Det viser en undersøkelse på sykehjem i Buskerud våren 2009.

 

Du kan lese meir om dette her

 

 

Buskerud er det fylket i landet som gir best omsorg til demente
No skal Fylkesmannen i Buskerud, i samarbeid med Undervisningssjukeheimen i Buskerud, lære opp andre fylker til å gi ein betre demensomsorg og behandling. Sjå NRK Østafjells sine oppslag om Buskerud og om satsinga i Ål kommune.

Samarbeidsmøte mellom Hallingforsk og Undervisningssjukeheimen
2. juni inviterte Undervisningssjukeheimen i samarbeid med Hallingforsk alle sjukeheimslegane i Hallingdal til eit samarbeidsmøte for å stimulere til fagutvikling og forsking ved sjukeheimane i Hallingdal.

Flott oppsummering av undervisningssjukeheimen sine interne prosjekt
2. juni inviterte Ål bu- og behandlingssenter til ei sommaravslutning med ei oppsummering av alle pågåande prosjekt internt i Undervisningssjukeheimens regi. Alle gruppene bidrog med gjennomgang av sine prosjekt, opplevelsen av å vere med og kor ein ynskjer vegen vidare skal gå. Det var imponerande å sjå korleis den einskilde var engasjert i dei prosjekta dei deltek i.

Kurs i legemiddelhandtering for Hallingdalsregionen
USH Buskerud har gjennomført kurs i ”Legemiddelhandtering for helsefagarbeiarar” i april og mai. Tilsynsfarmasøyt Liv Askerud Olsen var foredragshaldar, og gjorde ein glimrande innsats.
30 personar frå dei fleste av Hallingdalskommunene deltok og gjennomførte eksamen.
Vi planlegg nytt kurs i april 2010.

Kurs i Gerica, PPS, IPLOS og dokumentasjon for tilsette i Ål
Vi har gjennom heile mai og juni månad gjennomført kurs i dokumentasjon, Gerica, IPLOS og PPS over 12 kursdagar for totalt 100 tilsette.
Oddveig Tveitehaug i samarbeid med Solveig Lappegard, Jorun Bergo, Tina Gudbrandsgard, Gudrun Dahl og Liv Helene Jensen har gjennomført opplæringa. Det blir sett opp nye kursdagar for avdelingane psykisk helse, ergo/ fysio og Prestegardsjordet til hausten.

 

Publisert: 26.08.2008
Sist endra: 03.03.2010
Oppretta av: Guri Feten
KONTAKTINFORMASJON

USH for Buskerud fylke
Ål bu- og behandlingssenter
Ål kommune

Prosjektansvarleg :
Borghild C. Ulshagen
Telefon: 992 87 898

Prosjektleiar:
Kari Fossli
Telefon: 477 56 569

Besøksadresse:
Tingstugu, Torget 1

Telefon: 32 08 52 07

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg