Byggesaker

Servicetorget i Tingstugu kan hjelpe til med kart, naboliste, skjema og rettleiing - tlf. 32085000.

Aktuelle skjema finn du her.

Hallingkart har fargeflyfoto og kart over tomta di. Velg "Eiendomssøk", Ål kommune og gnr./bnr. Når du har fått opp kartutsnittet over tomta di, kan du velga "N5-raster" som kartbakgrunn, og målestokk mindre enn 1:3000 for å få fram kotekartet på skjermen. Trykk på utskriftknappen og velg målestokk 1:500 eller 1:1000 i utskrifta. Det kan vera feil ved tomtegrenser i kartet. Tomter som ikkje har målebrev er markert med ein stipla sirkel.

Under finn du informasjon om dei vanlegaste byggesaker og korleis du skal gå fram. Ål kommune har to byggesakshandsamarar som du kan kontakta pr e-post eller telefon/sms: Olav Warberg direkte tlf 32085063  Åsne Brattåker Håheim direkte tlf 32085008.

Tiltakshavar
Tiltakshavar er den som ynskjer å få realisert byggetiltaket, t.d. du som skal byggja garasje, hytte, bustad, låve, veg eller avlaupsanlegg.

Søknadstype
Større tiltak er søknadspliktige, mindre tiltak er meldepliktige, og nokre tiltak er så små at dei er unnateke frå kravet om søknad eller melding.

Søknadspliktig tiltak - ansvarleg søkjar
Større tiltak er søknadspliktig. Då må du kontakta arkitekt eller byggefirma som kan ta på seg rolla som ansvarleg søkjar. Som tiltakshavar må du òg engasjera føretak som kan søkja om ansvarsrett innan prosjektering og utføring m/kontroll.

Ansvarleg søkjar har tilgang på søknadsskjema, og skal gjennomføra nabovarsling, vera mottakar av nabomerknader, kvalitetssikra innhaldet i søknaden, og rettleia deg om søknadsprosedyre, avvikshandtering m.m.

Ansvarleg søkjar skal vera kontaktledddet mellom deg og kommunen, og har rolla som samordnar av aktørar og oppgåver, og skal følgja byggetiltaket heilt fram til ferdigattest.

Ynskjer du endringar undervegs etter at byggeløyvet er gjeve - t.d. bytte av føretak, endra plassering av bygget, anna terrengtilpassing, anna utforming av bygget o.l., må du straks kontakta ansvarleg søkjar som skal nabovarsla på nytt og fremja endringssøknad til kommunen, før endringa vert gjennomført.

Melding om tiltak
Mindre tiltak er meldepliktige, der du som tiltakshavar er ansvarleg for at tiltaket vert prosjektert, nabovarsla, innmeldt til kommunen og utført i samsvar med reglane i plan- og bygningslova. Både naboane og kommunen skal ha teikningar med terrengprofil, og kart med plassering. Meldingsskjema.

Små tiltak
Små tiltak er unnateke frå kravet om søknad eller melding. Du treng heller ikkje nabovarsle, men det er ein fordel at naboane veit at du skal byggja. Her er døme på små tiltak som er unnateke:

  • Uthus mindre enn 15 m2.
  • Tilbakeføring av fasade.
  • Endring av ikkje berande innervegg.
  • Ny eldstad. Føresetnaden er at eldstaden vert kontrollert før han vert teken i bruk. Ny pipe er søknadspliktig.
  • Levegg lågare enn 1,8 m og kortare enn 10 m.
  • Frittliggande utepeis.

Uthus, garasje
Uthus mindre enn 70 m2 vert handsama som melding om tiltak.  Dersom garasjerommet vert større enn 50m2, er avstandskravet til bustaden 8 meter.

Driftsbygning i landbruket
Driftsbygning og stølsbu vert handsama som medling om tiltak. Føresetnaden er at garden er i drift og har bruk for bygningen i drifta.

Tilbygg og fasadeendring
Fasadeendring, og tilbygg mindre enn 50 m2 vert handsama som melding om tiltak.

Bustad, hytte, anneks, store uthus og tilbygg, påbygg, bruksendring og endring av konstruksjon
Bygging av bustad, hytte, anneks og store uthus og tilbygg er søknadspliktig. Det same gjeld bruksendring frå hus til hytte, frå uthus til anneks o.l. Endring av konstruksjon, t.d. flytting av berande vegg, ny takkonstruksjon, og påbygg er søknadspliktig.

Riving
Flytting eller riving av bygg er søknadspliktig. Er bygget gamalt med kulturhistorisk verneverdi, må kommunen senda søknaden på høyring til Buskerud Fylkeskommune.

Terrenginngrep
Omfang av terrenginngrep for oppføring av bygning skal framgå av byggesøknaden.  Bygging av veg er søknadspliktig, og skal visast med teikningar av prosjektert lengdeprofil med stigning, og tverrprofil med grøfter, skjering og fylling.

Vesentleg terrenginngrep er søknadspliktig - t.d. uttak av masse eller planeringsarbeid.

Nabovarsling:

Ved søknad om tiltak skal ansvarleg søkjar gjennomføra nabovarslinga og vera mottakar av eventuelle nabomerknadar. Naboane skal saman med naboskjemaet ha tilsendt kart som syner plassering av tiltaket, og teikningar med terrengprofil som syner skjering og fylling og utforminga av byggetiltaket. Ansvarleg søkjar må oppgje adressa si for mottak av nabomerknader. Det skal ikkje kryssast for melding i adressefeltet. Ansvarleg søkjar skal skriva under på nabovarselet.

På nabovarslingstidspunktet skal kommunen få tilsendt gjenpart av nabovarsel, og kopi av vedlegga som naboane har fått. Ansvarleg søkjar må venta til nabofristen er utgått før søknaden vert sendt til kommunen.

Ved melding om tiltak er det tiltakshavar som gjennomfører nabovarslinga. Tiltakshavar skriv under på nabovarselet, og kryssar for melding i adressefeltet der kommunen si adresse skal oppgjevast for mottak av nabomerknader. Melding om tiltak skal sendast til kommunen samstundes med nabovarslinga.

Nabovarselskjema: Det er nokre feil i skjemateksten i forhold til lovteksten: Nabofristen er 14 dagar frå nabovarselet er motteke. Kommunen skal ha vedlegga saman med gjenpart av nabovarsel. Underskrifta på nabovarslinga er ikkje valgfri: Ansvarleg søkjar ved søknad. Tiltakshavar ved melding.

Bruksløyve eller ferdigattest
Tiltakshavar kan ikkje ta byggetiltaket i bruk før det er søkt om og føreligg mellombels bruksløyve eller ferdigattest. Kravet gjeld berre for søknadspliktige tiltak, og det er ansvarleg søkjar som skal fremja søknad om bruksløyve eller ferdigattest.

Tilsyn
Kommunen fører tilsyn med dei ansvarlege føretaka under alle steg i byggeprosessen.

Manglar i nabovarslinga, innsending av søknad før nabofristen er utgått, val av feil søknadstype, manglande prosjektering av terrengtilpassing, ulovleg utføring i høve til løyvet, og ulovleg bruk av tiltaket er avvik som medfører åtvaring og vert rapportert til Statens Bygningstekniske Etat. Grove lovbrot medfører tilbaketrekking av ansvarsrett. Gjentekne lovbrot kan medføra at føretaket ikkje får godkjent ansvarssøknad i framtidige byggesøknader.

Ved ulovleg byggearbeid risikerer tiltakshavar pålegg om stans i byggearbeidet og pålegg om retting.

Kontroll
Ansvarleg kontrollerande føretak har kontrollansvaret innan prosjektering og utføring. Kommunen skal ikkje driva kontroll av byggearbeidet, berre tilsyn med dei ansvarlege føretaka sine søkerutinar og system for kontroll og avviksrapportering.

Private utsleppsaker
Ønsker du å legge inn vatn på hytta? Dersom det ikkje er eit kommunalt avløpsanlegg i nærleiken bør ein ta kontakt med eit kompetent konsulentfirma. Dei kan lage ei avlaupsvurdering og søknad om usleppsløyve.  

Søknad om utsleppsløyve 
Publisert: 08.11.2007
Sist endra: 22.12.2009
Oppretta av: Olav Warberg
Servicetorget

 

Ål kommune
Torget 1, 3570 Ål

Telefon: 3208 5000
Send e-post til Ål kommune

Torget 1, 3570 Ål  •   Tlf: 32 08 50 00  •   Send e-post til Ål kommune  •  Nettansvarleg: Inger Lervåg