Stallen barnehage

Stallen barnehage held til på garden Gjeldokk i Øvre-Ål. Me ynskjer at barn skal få oppleve dyr og gardsliv, og difor er slike opplevingar ramma rundt kvardagen vår. Me vektlegg og bruk av dialekt, tradisjonar, forming og friluftsliv. I 2006/07 har me bygd opp vår eigen vesle gard der me har fleire slags smådyr.

I arbeidet med barna legg me vekt på leiken, og barna sine eigne innspel. Me ynskjer at barna skal få styre mykje av dagen sin sjølv, og dermed lære å ta val og omsyn til kvarandre. Samspel barn - vaksen vert difor viktig. Me ynskjer å gripe dagen utfrå barna sin ståstad.

Stallen barnehage tek imot barn frå heile Ål kommune. Dersom det er ledige plassar etter 2. opptaket, er barn heimehøyrande i andre kommunar velkomen til å søkje.

Stallen barnehage er eigd av Ingrid og Ivar Ådnegard.

Foreldrebetaling og ferieordning er den same som for dei kommunale barnehagane.
 
 
Publisert
21.05.2007
Sist endra
17.03.2010
Publisert av
grete

Kontaktinformasjon

Stallen barnehage
Øvre Ål

Telefon: 3208 6860 eller 907 77869
E-post til Stallen