Solflekken Familiebarnehage
Solflekken Familiebarnehage held til i Vestlia på Ål. Det er ein offentleg godkjent familiebarnehage, med plass for 8-10 barn i alderen 0-6 år.
Vi held til i underetasjen på Nedre Kolbotn 13, i lyse og trivelege rom med god utsikt.
Eigar av Solflekken Familiebarnehage er Anne Lise Gasser.
Familiebarnehagen vil være særskilt godt eigna for dei yngste barna, og kan for mange være eit godt alternativ eller overgang til ordinær barnehage.
Her har vi fokus på å gi ei trygg og god ramme for barna, med færre vaksne og barn å forhalde seg til.
NB! Solflekken Familiebarnehage følgjer skulens feriar. Foreldreutvalet kan framleggje ynskje om feriebarnehage, som vil bli organisert ved behov.
Barnehagens opningstid er måndag til fredag 7:30 til 16:30.
Foreldrebetaling er den same som ellers i Ål Kommune.
Barna i barnehagen vil få servert mjølk, frukt og grønt, samt eitt brødmåltid om dagen. Det vert ikkje krevd diettpengar for dette.
Foreldrebetalinga er lik heile året, bortsett frå juli, som er betalingsfri.