Ordføraren si side

Bilete av ordførar Ivar Brevik

Ivar Brevik
er valt til ordførar i Ål kommune i perioden 2011 - 2015


I desse dagar tek eit nytt og ubrukt år til.  Me har alle forventningar til kva som skal skje. Dei fleste av oss er helst opptekne av dei nære ting, men me ser og at det som hender utanfor stuedøra har meir eller mindre påverknad på oss.

For oss i kommunane er datoen 1. januar 2012 viktig. Frå denne datoen trer Samhandlingsreformen i kraft. Me kan då vente oss større kommunalt ansvar for praktisk oppfølging av pasientar og for økonomien ved behandling på sjukehusa. Dette er ei stor utfordring som me skal takle, og som eg meiner Ål kommune har førebudd seg på. Denne reforma krev meir av kommunane i Hallingdal når det gjeld samarbeid om og bruken av Hallingdal sjukestugu. Eg trur dei fleste har fått med seg kor viktig det var no før jul å stå saman i dalen for å halde  oppe eit godt og framtidsretta tilbod ved sjukestua.

Det friviljuge arbeidet i Ål kan no sjå fram til betre tider når det gjeld praktisk hjelp i arbeidet. Frå nyttår starta Tore Bøygard opp i stillinga som arrangements –og  idrettskoordinator. Me trur at dette vert eit godt lyft for kommunen og alt det positive arbeidet som skjer innan lag og organisasjonar.

I det siste møtet før jul vedtok me budsjettet for 2012. Her er det ingen dramatiske endringar når det gjeld kommunale  gebyr. I det heile meiner eg  innbyggjarane kjem godt ut med dette budsjettet . Eg kan raskt nemne at årsgebyret for vatn går opp med 7 % medan årsgebyret for avlaup held seg uendra i høve til 2011 både når det gjeld årsgebyr og tilkopling. For renovasjon vert det faktisk ein nedgong på 10%! Frå i år får me og ei deling av storleiken på gebyra for hytter og stølsbuer som har containerrenovasjon. Dei som har meir enn 500 meter frå sumarveg, skal betale kr. 233, og for dei som ligg nærare, vert avgifta kr. 433.

Med dette ynskjer eg alle i kommunen eit framgangsrikt år.

Ivar Brevik

 

 

 

Publisert
27.08.2008
Sist endra
05.01.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune