
Tenesta omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for funksjonshemma. Tenesta kan organiserast på 2 ulike måtar;
1) Du er sjølv arbeidsleiar og har ansvaret for tenesta
2) Kommunen er arbeidsleiar
Dersom du sjølv er arbeidsleiar, kan du i prinsippet og innanfor dei rammene som vedtaket gjev (oppgåver og tid), styre kven du vil ha som hjelpar(ar), kva assistenten(ane) skal gjere, og kvar og til kva for tider hjelpa skal givast. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i funksjonsnedsettinga.