Torpo skule

Vinterdag på Torpo skule

Torpo skule ligg midt i Hallingdal,  omlag midt mellom Ål og Gol. Skulen har dette skuleåret 84 elevar fordelt på 1.-7. trinn, elevtalet har dei siste ti åra vore svært stabilt. Forutan rektor er det 10 lærarar og 6 assistentar knytt til skulen (10 lærarårsverk og 2,5 assitentstilling).
  
1. november 2010 flytta elevar og tilsette attende til ein nyrenovert "ny" skule. For 32 millionar vart alle klasserom og fellesrom bygde om og opprusta til moderne lokale for undervisning. Skulen har gymsal med nytt golv og fint svømmebasseng ( 12,5m). Me har eit flott uteområde, med ballbinge der det også kan leggjast is om vinteren. Gapahuk og skileikområdet ligg oppi skogen 100 m frå skulen.
Publisert
08.11.2007
Sist endra
24.08.2011

Kontaktinformasjon

Torpo skule

Skulebakken 3,
3579 Torpo
Tlf:  32 08 54 50
E-post: torpo.skule@aal.kommune.no

Snarveier