Retningsliner for søknad om ambulerande skjenkeløyve for slutta selskap

I alkoholloven § 4-2 står fylgjande:Med "slutta selskap" forstår ein at det allereie før skjenkingen startar er danna ein slutta krets av bestemte personar som skal samlast for eit bestemt formål i eit bestemt lokale på skjenkestaden.

Retningsliner for skjenking av alkoholhaldig drikk i høve til ambulerande skjekeløyve.

Løyvehavar er ansvarleg for at skjenking av alkoholhaldig drikk føregår på ein slik måte at reglane i gjeldande lov og forskrift vert overhalde, og at alkoholpolitiske hensyn vert ivareteke.

Løyvehavar må fyrst og fremst påsjå at det ikkje vert skjenka alkoholhaldig drikk til for unge og/eller synleg rusa personar, og at det ikkje vert skjenka ut over tillatt skjenketid slik denne er fastsett i løyvet.

Desse reglane gjeld for skjenkinga:

Skjenking av brennevin til person under 20 år og skjenking til person under 18 år av annan alkoholhaldig drikk, inkludert lettøl og lettvin, må ikkje skje.
Dei same aldersgrensene gjeld for den som er skjenkestyrar.

Alkoholhaldig drikk må ikkje skjenkast til synleg rusa person eller på ein slik måte at ein gjest må antas å bli synleg rusa.

Ein må påsjå at gjester ikkje nyt medbrakt alkoholvare, og at dei ikkje tek med seg alkoholvarer når dei forlet skjenkelokalet.

Løyvehavar pliktar å ha kontroll med all bruk av alkohol i det arrangementet løyvet gjeld for.

Dei kommunale skjenkekontrollørane kan føreta kontroll ved uanmeldt besøk. Kontrollørane vil forevise legitimasjon utgjeve av Ål kommune, og dei kan opphalde seg i skjenkelokalet så lenge dette er naudsynt for å observere om det finn stad brudd på skjenkereglane.

Skjenketid:
Ål kommunestyre vedtok i kommunestyresak nr. 54/04 at generell skjenketid for øl, vin og brennevin vert sett inntil kl 02.00.
Publisert
21.05.2007
Sist endra
23.02.2010
Publisert av
Inger-l