Frisklivssentralen

friskliv figur

Aktivitetsveka 2012 er vel overstått! Takk til alle som stilte opp, og la til rette for aktivitet, og takk til alle deltakar. Det var stor suksess med generasjonsløp i Myren 8. mai med 120 deltakarar. Tevlinga mellom politikarar og rådmannsteam måndag 7.mai enda med knipen seier til rådmannsteamet.  

Me har to vinnarar av naturstigen i Skuleparken: Birgit Folkedal Hajem og Åsmund Breie. Gratulerer!

Friskliv Hallingdal: Vi har felles nettside med dei andre frisklivssentralane i Hallingdal. Sjå www.friskliv.info

Frisklivssentralen skal vere ein lokal utviklingsaktør for folkehelse i kommunen, og blant anna medverke til auka merksemd om fordelar med fysisk aktivitet, sunt kosthald og røykfritt miljø.

Fokus er å stimulere og tilrettelegge for ulike tilbod med låg terskel innanfor desse områda.

Frisklivssentralen er for tida samlokalisert med ergo-/ fysioterapiavdelinga.

“Mennesket er skapt for bevegelse. Et stillesittende liv fører derfor til økt sykdomsrisiko. Regelmessig fysisk aktivitet og trening kan forebygge sykdom. Og til og med kurere en rekke sykdommer. Så enkelt er det egentlig. Men likevel så vanskelig” (Aktivitetshåndboka, 2008).
Vi kan hjelpe deg i gang!

Frisklivssentralen Ål arrangerer frisktrening.

 

MÅNDAG

Gågruppe     

kl. 10.00 - 11.00

Store Vangebrua

 

TYSDAG

Styrketrening    

kl. 10.00 - 11.10

Ål vgs

 

ONSDAG

 

 

 

TORSDAG

Kondisjon/stavgang

kl. 10.00 - 11.30

Store Vangebrua

Mensendickgruppe

kl. 14.45-15.45

Kårstugu

 

 

 

 

 

Styrketrening

kl. 16.30 - 17.40

Ål vgs

 

Kondisjon/ intervall            

kl. 18.00 - 19.00

Store Vangebrua

 

Treningane er eit lågterskeltilbod og vert leia av fysioterapeut. Dei går kvar veke, og det er aldri for seint å starte!

Treningane er for deg som har frisklivsresept, som b.l a lege, fysioterapeut, manuell terapeut, psykisk helse og NAV kan skrive ut. Det er også mogeleg å kjøpe klyppekort (380 kr for 10 klypp direkte etter frisklivsrepsept perioden. Elles er det 500 kr for 10 klypp).

I samarbeid med Friskliv i Hol, Gol, Hemsedal og Flå vert det arrangert kosthaldskurs; Bra mat for betre helse, KID - kurs (mestring av lette depresjonar) og røykesluttkurs.

Ved spørsmål,

kontakt frisklivskoordinator Live Berg,  (kontor på Ål fysikalske),

tlf 32 08 52 03 / 95 98 04 95

Velkommen til ein aktiv vinter! 

Publisert
29.09.2008
Sist endra
21.05.2012
Publisert av
Live Berg

Kontaktinformasjon

Leiar: Live Berg
Tlf. 95980495
Tlf. 32 08 52 03

e-post: friskliv@aal.kommune.no

Fysioterapeut: Live Magnetun og Eivin Rundberg