Presentasjon

Vinter på Kringlehaugen

Nordbygdene barnehage er ein kommunal barnehage for barn i alderen 1 - 5 år. Dei fleste borna som går her kjem i frå bygdene Votndalen, Leveld og Vats. Desse tre småbygdene vert tilsaman kalla nordbygdan.

Barnehagen har vore i drift sidan hausten 1989. Etter ei periode med ombygging/påbygging av grendehuset Leveldtun, opna me "ny" barnehage 1.februar 2011. Nordbygdene barnehagen ligg vegg i vegg med Leveld skule, og har eit tett samarbeid m/skulen når det gjeld uteleikeplass, turområde m/lavvo, bruk av gymsal og felles personalrom.

Rundt omkring oss har me ei levande bygd med gardsdrift, husdyr og flotte turområde. På vinteren er me så heldige å ha oppkøyrde skiløyper på jordet rundt barnehagen/skulen og i lysløypa, og i blandt islagt skøytebane i ballbingen.

 

 

 

 

Publisert
08.11.2007
Sist endra
25.01.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune