Tverrfagleg team

Kontaktpersonane frå PPT, barnevern og helsestasjon har 2-3 tverrfaglege møter med styrar og dei pedagogiske leiarane kvart år.
Målet med desse møta er å gi personalet støtte når dei kjenner seg usikre.

Ein kan ta opp problemstillingar på eit tidleg stadium og finne gode løysingar i fellesskap. Foreldra er likevel dei viktigaste samarbeidspartnarane våre. Foreldra skal informerast om, gi samtykke til og inviterast til tverrfagleg møte når personalet ynskjer å drøfte tilhøve omkring einskildbarn.

Dersom foreldre ynskjer å ta opp spørsmål med den tverrfaglege gruppa, kan dei ta kontakt med styrar eller pedagogisk leiar på avdelinga.
Det vert oppgitt dato for tverrfagleg møte på oppslagstavlene på avdelingane
 
Publisert
24.02.2005
Sist endret
28.03.2011
Publisert av
Tone-ly

Kontaktinformasjon

Barnehagen i sentrum

Adresse: Gartnarvegen, 3570 Ål
Eigar: Ål kommune
Godkjenning: 6 avdelingar, 108 plassar 0-5 år
Åpningstid: kl.07.00 - 17.00
E-post: Sundre

Telefon: 3208 5150

Styrar:
Tone Lyngvi. Mobil: 99 28 79 17
Assisterande styrar:
Eli Kiossovski