
Skattebøl barnehage har eit stort og variert uteområde. Her er det både skog, stor grasslette, små skråningar og asfalterte område.
Barnehagen har eit nærområde med mange fine turplassar. Me er så heldige at me kan dra på turar utan å køyre bil og taxi først. Dei mest brukte turplassane vore er, Juveskogen, Hallebråt og Busteteigen. Andre plassar med gangavstand frå barnehagen, er bl.a. Trydalen, Bakketeigen, Tjørndalen og fleire småplassar lengre nede i Granhagen. Me går også ned til Ål folkepark i blant. For dei aller yngste barna, er ein rusletur til Hallebråt eller rundt på Brennoflåta gjerne langt nok. Målsettinga er at barna skal trivast på turen, at me skal sjå og undre oss og kanskje lære noko nytt. Sist, men ikkje minst, vonar me at barna skal bli glade i dra på tur – turglede!