Bygging av gangvegen Hago-Gullhagen
Bygging av gangveg langs Sundrevegen på strekninga Hago-Gullhagen er i gang og skal vera ferdig til skulestart august 2012.
Anlegget er prosjektert av Asplan Viak AS v/Eirik Øen og Magnus Skrindo.
Entreprenør Turhus Maskin AS v/Per Turhus skal utføre arbeidet og Ål kommune har engasjert HR Prosjekt v/Ole Tor Oleivsgard som kommunens byggeleiar. Hermann Haugen er engasjert for å ta seg av grunnforhandlingane på vegne av Ål kommune.
Viss de har spørsmål de ynskjer å få svar på, kan de ta kontakt med
Byggeleiar Ole Tor Oleivsgard på telefon 91 33 73 80 eller på e-post: oto@hrprosjekt.no
Alle grunneigarar har gitt skriftleg igangsettingsløyve slik at arbeidet kan seta i gang i mai sjølv om ikkje alle grunnkjøpsavtaler er ferdigforhandla enno.
Det vil og bli lagt ned ny vass- og kloakkledning i samband med arbeidet slik at mange no kan få kople seg til kommunalt vassverk og kloakk.
Framdriftsplan pr 5.5.11
Byggeteikningar
Trafikkregulering - endra rute for bussar frå og med 16. mai 2011:
Grunna redusert framkomst i byggeperioden vil alle busstopp på strekninga Sundrehall-Gullhagen vera ute av drift frå og med måndag 16 mai og inntil vidare. Samtlege rutebussar vil frå og med måndag 16. mai køyre rv 7 istaden for Sundrevegen. Busstopp Sundrehall og Gullhagen må difor nyttast for alle trafikantar som normalt nyttar busstopp langs Sundrevegen på strekninga frå Sundrehall til Gullhagen inntil vidare.