Formålet med bruk av verje er å verne og hjelpe personar som ikkje kan ta vare på sine rettslege og økonomiske interesser godt nok. Den som blir umyndiggjord, skal ha verje. I andre tilfelle enn ved umyndiggjering blir det oppnemnt ein hjelpeverje. Mandatet til hjelpeverjen skal vere avgrensa til det den myndige ikkje klarer sjølv.Overformynderiet i kvar kommune oppnemner og fører tilsyn med verjen og styrer midlane til den umyndige dersom dei overstig kr 75 000. Midlar under kr 75 000 blir styrd av verjen når ikkje anna er bestemt. Fullmaktsområdet til ein hjelpeverje blir fastsett ved oppnemninga. Det skal ikkje gjerast meir omfattande enn det som er nødvendig.
Mindreårige, umyndiggjorde og myndige personar som på grunn av sinnsliding, andre psykiske vanskar, senil demens, psykisk utviklingshemming eller lekamleg funksjonshemming ikkje kan ta hand om oppgåvene sine.
Den som har foreldreansvaret, er automatisk verje for mindreårige. For umyndiggjorde blir det oppnemnd verje i samband med umyndiggjeringsaka. For å få oppnemnd hjelpeverje må følgjande vere med:
Vergemålsloven
Overformynderi, overformynderiet
Ål kommuneServicetorgetTorget 1, 3570 Ål, Telefon: 3208 5000Send e-post til Ål kommune