Startlån bustad
Endret dato :
01.11.2011 14:41:22
Målgruppe
- unge i etableringsfasen
- barnefamiliar
- einslege forsørgjarar
- funksjonshemma
- flyktningar og personar med opphaldsløyve på humanitært grunnlag
- økonomisk vanskelegstilte husstandar
Vilkår
Noverande busituasjon er ikkje tilfredsstillande. Det må kunne dokumenterast kva husstanden kan betale samla, og kva den kan vere i stand til å betale av renter og avdrag på lånet. Vanlege levekostnader må kunne betalast i tillegg til lånet.
Lånet følgjer same vilkår som utlåna i Husbanken.
Samarbeidspartnere
Tilbodet er utvikla i eit samarbeid mellom KS, Husbanken, Sparebankforeningen, Finansnæringens hovedorganisasjon og staten.
Lover
Kommunen har utarbeidd eigne retningslinjer.
Veiledning
Det må sendast skriftleg søknad med dokumentasjon til kommunen for å få startlån. Søknadsskjema får ein ved å kontakte kommunen eller på Husbanken si heimeside. Kommunen kan kontaktast for hjelp til å søkje om startlån.
Brosjyre startlån
Vedlegg til søknad:
Obligatoriske vedlegg:
- Eventuell salsoppgåve/takst av bustaden (ikkje eldre enn seks månader)
- Kopi av likningsutskrift for dei to siste åra
- Finansieringsplan
- Dokumentasjon av eventuell eigenkapital
- Arbeidsinntekt (lønsslipp) siste 2 månader
Vedlegg som bør følje søknaden dersom dette er naturleg:
- Trygdeytingar (giroblankett)
- Barnebidrag (giroblankett)
- Husleige/fellesutgifter, eventuelt andre buutgifter (ved førehandsgodkjenning gjeld ikkje dette)
- Gjeldsforhold (nedbetalingsplan på alle lån)
- Andre utgifter (dagmamma, barnehage o.l.)
- Separasjonspapir/skifteavtale
- Dokumentasjon på finansiering frå privat bank med storleiken på lånet, eventuelt grunngjeving for avslag
Søknadsfrist
Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Får du avslag på søknad om startlån, kan du klage.
- Klageinstansen er kommunen si eiga klagenemnd.
- Klagen må sendast innan tre veker etter at du mottok vedtaket.
- Oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og gi ei grunngjeving for dette, eventuelt med nye opplysningar.
Søkeord
lån, kreditt, bustad, heim, hus, husvære, første, etablering, finansiering, kjøp, utbetring, økonomi, bank, einsleg, funksjonshemma, familie, flyktning, vanskelegstilt, husstand