Skulehelsetenesta
Endret dato :
24.01.2012 11:18:18
Beskrivelse

Tenesta er eit tilbod om helsetenester til alle skuleelevar under 20 år. Skulehelsetenesta gir råd og rettleiing, gjennomfører helseundersøkingar og vaksinasjonar. Når det trengst, kan tilvising vidare til anna helsepersonell som fastlege, tannlege eller ein spesialist gjerast. Skulehelsetenesta har også som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane.
Klage
Klage på manglande helsehjelp
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettlova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren, slik at saka kan løysast på lågaste nivå.
Dersom du meiner du ikkje mottek nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova påklage dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
• I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
• Klagen skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Held kommunen oppe avgjersla si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Søkeord
barn, ungdom, skule, vidaregåande, elevar, helse, teneste, råd, rettleiing, vaksinasjon, undersøkjing, prevensjon, sjukdom, fysioterapi, barnevern, ppt, pedagogisk-psykologisk