Serveringsløyve

Beskrivelse

Løyvet gjeld etablering og drift av serveringsstader der det skal vere servering av mat og/eller drikke, og der tilhøva ligg til rette for servering av mat og drikke på staden.

Bilete av kafe-bord

Målgruppe

Personar eller verksemder som vil drive serveringsstad i samband med næring.

Vilkår

Den daglege leiaren på serveringsstaden må ha avlagt etablerarprøva for å dokumentere naudsynte kunnskapar om økonomistyring og om viktig lovgjeving for drift av serveringsstadar.

Det blir henta uttale frå lensmann og skatteetaten om oppfylling av krava til god vandel for den som søkjer løyve, og for dagleg leiar. Søkjaren må i tillegg ha godkjenning frå blant anna Mattilsynet og frå dei kommunale bygningskontora for å kunne drive serveringsverksemd. 

Det må leggast fram skatteattest for den som skal drive serveringsstaden.


 

Samarbeidspartnere

  • Lensmann/politi 
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene 
  • Tollmyndigheitene 
  • Mattilsynet 
  • Arbeidstilsynet
  • Lensmann
  • Skatte- og avgiftsmyndigheitene 
  • Mattilsynet 


 

Veiledning

Det krevst skriftleg søknad. Søknaden skal innehalde bl.a følgjande opplysningar:

  • Namn og adresse på den som er ansvarleg for dei økonomiske og juridiske pliktene knytta til drifta av verksemda. Dersom serveringsstaden er driven av eit enkeltpersonsføretak, skal det også opplysast om fødselsnummer. Dersom serverigsstaden er driven av eit selskap, skal det opplysast om organisasjonsnummer. Det skal i tillegg opplysast om eigarsamansetjinga. 
  • Opplysningar om den staden der serveringa skal drivast 
  • Namn og adresse på styrar.
  • Skatteattest for den personen som har dei økonomiske pliktane for drifta av serveringsstaden


Vedlegg til søknad:

Dokumentasjon på at etablerarprøva er gjennomført
Firmaattest og utskrifter frå Brønnøysundregisteret
Endringar i løyvet kan skje fleire gonger i løyveperioden, til dømes ved skifte av styrar, endringar i driftskonseptet eller endringar i eigarforhold. Slike endringar krev ny godkjenning, eventuelt nytt løyve. Melding om endring skal sendast til kommunen.


 

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart.

Søknader blir behandla etterkvart.

Saksbehandling

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan en frist på tre veker frå vedtaket vart motteke.
  • Klagen skal sendas til den instansen som har gjort vedtaket. 
    I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for det.
  • Klageinstansen er Fylkesmannen. Før klagen blir send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag blir saka sendt til Fylkesmannen for behandling. 

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

bedrift, servering, sal, dagleg leiar, drift, planleggjing, etablerar, etablering, vandel, prøve, test, bevis, løyve, verksemd, hotell, pensjonat, pub, restaurant, dansestad, kiosk, bensinstasjon, gatekjøken, take-away, kunnskap, økonomistyring, lover, mattilsynet, mat, bygningsvesen

servering, planlegging, etablerar, etablerer, serveringslov

Publisert
09.07.2008
Sist endret
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune