Når barn er i fosterheim eller i institusjon, har barn og foreldre rett til samvær med kvarandre dersom ikkje anna er bestemt. Sjølv om foreldra ikkje maktar å ha omsorg for barnet, kan det vere verdifullt for barnet å ha kontakt med den biologiske familien sin. Barnevernet kan bestemme at andre enn foreldra skal ha rett til samvær med barnet.
Barnevernstenesta utarbeider forslag til vedtak med grunngjeving.
Det er Fylkesnemnda for sosiale saker som avgjer saka.
