Rustiltak
Endret dato :
24.01.2012 11:11:26
Beskrivelse
Tenesta inneber hjelp til å kome bort frå misbruk av alkohol og andre rusmiddel. Alle tiltak vil i størst moleg grad være tilpassa individuelle behov. Tenesta skal også omfatte råd, rettleiing og hjelp til familien. Rusmiddelmisbrukarar har også krav på dei ordinære tenestene etter sosialtenestelova.
Målgruppe
Rusmiddelmisbrukarar og deira familiar.
Vilkår
Klienten må ønskje hjelp til behandlingsopplegg.
Samarbeidspartnere
Primærhelsetenesta, Spesialisthelsetenesta, Fylkesnemndene for sosiale saker, som er statlege organ underlagt Barne- og familiedepartementet, behandlar tvangssakene innanfor rusomsorga.
Veiledning
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om denne tenesta. Du har rett til å la nærmaste pårørande hjelpe deg med søknaden. Andre kan også hjelpe deg. Det kan til dømes vere ein nabo. Men då må du gi ei skriftleg fullmakt som du legg ved søknaden. Dersom du ønskjer plass i behandlingsinstitusjon, kan fastlegen din hjelpe deg med å søkje om dette.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Annen informasjon
Andre dokument:
AKAN har meir informasjon om rusmiddelmisbruk.
Nærståande tenester:
Støttekontakt.
Søkeord
avrusing, avvenning, LAR, legemiddelassistert, rehabilitering, metadon, narkotika, rushandsaming, rusmiddelmisbruk, rusmiddelomsorg, rusmiddeltiltak, rusmisbruk, rusomsorg, doping,