Utbyggingsplan - privat
Beskrivelse
Utbyggingsplan kan fremjast av ein privat forslagsstillar. Utbyggingsplanar fastlegg arealbruk og utforming av bygningar, anlegg og tilhøyrande uteareal for eit avgrensa område. Grunneigarar, rettshavarar og innbyggjarar har rett til å uttale seg når planen blir utarbeidd, og kan klage på vedtak av planen.
Kunngjering:
- Den som utarbeider planen, skal sørgje for offentleg kunngjering av at det blir utarbeidd ein plan, og kva han vil medføre (i minst to aviser).
- Planutvalet legg planen ut til offentleg ettersyn.
- I begge tilfella skal ein informere grunneigarar og rettshavarar skriftleg dersom det er mogleg.
Omfattar planen eksisterande bygningar, skal kommunen leggje til rette for aktiv medverknad frå einskildpersonar og grupper som planen får noko å seie for.
Målgruppe
Grunneigarar, rettshavarar, næringsdrivande og andre som planen får noko å seie for.
Vilkår
Utbyggingsplanar skal utarbeidast for område i kommunen når det i arealdelen av kommuneplanen eller i reguleringsplanen er stilt krav om ein slik plan for utbygging. Utbyggingsplanar kan også gjelde endring av tidlegare vedtekne utbyggingsplanar.
Samarbeidspartnere
Kommunen informerer deg om eventuelle interessentar eller instansar som skal uttale seg om planen, eller som skal takast med i førebuingane.
Veiledning
Kommunen vil kunne gi råd om arbeidet skal setjast i gong, korleis det skal gå føre seg, og hjelpe til med planlegginga.
Vedlegg
Dokumentasjon kan vere:
- plankart og ev. føresegner for formålet
- omtale
- teikningar
- utgreiingar i samsvar med kommunale føresegner
- konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova når det er relevant for saka.
Kommunen opplyser om kva som skal vere med av dokumentasjon. Dokumentasjonen skal følgje planen ved offentleg ettersyn og ved behandling i planutvalet.
Klage
- Det endelege vedtaket i planutvalet kan ankast til Fylkesmannen. Klaga må fremjast innan tre veker frå kunngjering av vedtaket. Klaga kan ikkje gjelde tilhøve som er avgjort tidlegare gjennom klage eller innvending på reguleringsplan eller utbyggingsplan. Klaga skal stilast til Fylkesmannen og sendast til planutvalet, som kan revurdere saka eller sende klaga til Fylkesmannen, som avgjer saka. Vedtaket til Fylkesmannen er endeleg.
- Krav om erstatning må fremjast innan tre år etter kunngjeringa.
Kommunen vil kunne gi råd ved utforming av merknader, klager mv.
Annen informasjon
Andre dokument:
Kart og data/geodata kan tingast gjennom kommunen.
Nærståande tenester:
Reguleringsplan - offentleg
Reguleringsplan - privat
Utbyggingsplan - offentleg
Søkeord
Reguleringsplan, arealplan, byggjesak, bustadbygging, bygging, arealbruk, bygningar, anlegg, uteareal, grunneigar, rettshavare, privat, forslagstiller