Radon

Beskrivelse

Radon er ein usynleg og luktefri edelgass som blir danna ved nedbryting av grunnstoffet radium. Av radon blir det danna såkalla "radondøtrer". Ved innanding kan desse feste seg til bronkiane og luftvegen og gi helseskadeleg stråling. Høge konsentrasjonar innandørs kan vere ei medverkande årsak til auka risiko for lungekreft.

Radongass kan kome inn i bustader gjennom sprekker eller hol i kjellargolv, grunnmur, rundt rørgjennomføringar, sluk osb.

For alle nybygg skal det setjast i verk tiltak som hindrar inntrenging av radongassar.

Husbanken har tidlegare gitt tilskot til tiltak mot Radon. I samband med dette tilrådde Husbanken 2 målingar (2 dosimeter), sidan det gir ein betre kontroll. Husbanken har for tida ingen middel til slike tiltak.

Målgruppe

Vilkår

 

Samarbeidspartnere

Beslektede tjenester

Lover

Nytt bygg:

  • Radon-membran bør brukast under bygget. Konferer med leverandør før du startar på grunnmuren.

Eksisterande bygg:

  • Radon-membran kan også brukast innandørs for å tette mot grunnen. Dette kan vere vanskeleg etter som det er innfløkt å tette der deleveggar og andre konstruksjonar står. Det vil lett oppstå lekkasjar.
  • Det kan ventilerast i bustaden med ymse typar ventilasjon. Balansert ventilasjon eller lufteluker ved låge verdiar.
  • Radon-brønn; Det blir då ventilert i grunnen under huset, gassen blir fjerna før han kjem opp i bygget.

Informasjon om radon (Statens strålevern)

Veiledning

Servicetorget i kommunen kan gi informasjon om målinga og hvor det kan tingast måleutstyr når målesesongen startar (ca. oktober).

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

strålevern, innemiljø, inneklima, stråling
Publisert
06.02.2009
Sist endret
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune