Privat avkøyrsle frå offentleg veg
Endret dato :
16.12.2010 10:12:31
Beskrivelse
Kommunen behandlar og godkjenner søknader som gjeld avkøyrsle frå kommunal veg:
- Bygging av ny avkøyrsle
- Flytting av avkøyrsle
- Endra bruk av avkøyrsle
Denne tenesta gjeld avkøyrsle som ikkje er del av ei byggjesak. Dersom det er tilfellet, blir den behandla som byggjesak. For avkøyrsle frå fylkesveg og riksveg blir søknaden send til fylkeskommunen eller Statens vegvesen.
Målgruppe
Grunneigarar og utbyggjarar.
Vilkår
Avkøyrsle omfattar all slags tilknyting mellom offentleg veg og privat eigedom, dvs. området frå vegkanten til tilstøytande privat terreng. Som avkøyrsle reknar ein også tilknyting for fotgjengarar. Avkøyrsla må byggjast i samsvar med reguleringsplanen til kommunen og retningslinjer gitt av staten og kommunen. Vegstyresmaktene legg ei brei tryggingssvurdering til grunn. Dersom området ikkje er regulert, eller det ikkje er planar for avkøyrsle i reguleringsplanen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.
Veiledning
Sjå i kommunal reguleringsplan over området om avkøyrsle er regulert eller ikkje.
Kommunen har rettleiingsplikt og gir informasjon om korleis du skal søkje, kva for retningslinjer som gjeld, og om området er regulert eller ikkje.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Annen informasjon
Nærståande tenester:
Landbruksvei - bygging
Søkeord
Vegbyggjing, avkjøringsløyve, avkjørsel, landbruksveg