Oppføring av bustad, fritidsbustad og våningshus
Endret dato :
16.12.2010 10:04:53
Beskrivelse
Skal du føre opp ny bustad eller gjere vesentlege endringar, må ein søkje kommunen om løyve. Det vil seie at tiltaket ikkje kan setjast i gang før løyve er gitt. Søknaden må utformast av eit firma som har kompetanse til å gjennomføre ein søknadsprosess ("ansvarleg søkjar"). Det kan til dømes vere ein byggmeister, entreprenør eller arkitekt. Før igangsetjing må nødvendig prosjektering vere gjennomførd, og alle handverkarar (firma) må ha godkjend ansvarsrett for fagområda sine.
I særlege tilfelle kan kommunen gi deg personleg ansvarsrett. Det vil seie at du gjennomfører tiltaket sjølv (er sjølvbyggjar). Det må søkjast særskilt om personleg ansvarsrett.
Vilkår
For å kunne setje i gang tiltaket, må søknaden (og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra) vere godkjend av kommunen. Desse kriteria må vere oppfylte:
- Naboane må vere varsla.
- Bustaden må plasserast i samsvar med dei generelle krava i plan- og bygningslova og eventuelle byggelinjer i regulerings- eller utbyggingsplanen. Estetisk utforming må tilfredsstille generelle krav i plan- og bygningslova og eventuelle tilvisingar gitt i regulerings- eller utbyggingsplanen.
- Tiltaket må oppfylle alle relevante byggetekniske krav.
- Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplanen eller utbyggingsplanen.
Veiledning
Dersom du ønskjer å føre opp ein ny bustad, må du ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil bli ståande som "ansvarleg søkjar" og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som bindeledd mellom deg som byggherre (tiltakshavar), kommunen og andre ansvarlege som skal hjelpe til med å gjennomføre prosjektet.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Annen informasjon
Nærståande tenester:
Nabovarsel
Forhåndskonferanse
Selvbygger
Søkeord
byggjesak, bustadbygging, ansvarsrett, plasseringskontroll, bygging, byggeløyve, byggemelding, byggesøknad, byggeløyve, byggetiltak, forhåndskonferanse, grunnundersøking, husbygging, husutstikking, hyttebygging, nabovarsel