Ein omsorgsbustad med husbankfinansiering er tilpassa bevegelseshemma og tilrettelagd for at den som bur der skal kunne motta heildøgnsomsorg. Bebuaren leiger bustaden, og søkjer heimetenester på same vilkår som andre heimebuande.
Pleietrengande eldre og menneske med funksjonsnedsetting med behov for tilrettelagt bustad.
• Søkjaren må ha behov for omsorgstenester. • Søkjaren må bu eller opphalde seg i kommunen. • Søkjaren må oppfylle vilkåra i kommunehelsetenestelova § 2-1. Sjå paragrafen nedenfor. • Søkjaren må ha eit særleg stort hjelpebehov og/eller ha særleg nytte av nærleiken til institusjonen. • Søkjaren må sjølv ønskje omsorgsbustad. • Det må vere ledig omsorgsbustad i kommunen
PårørandeErgoterapiFysioterapiHeimetenesteneDagsenterFastleganePsykisk helsevern
LangtidsplassKorttidsplassHeimetenesteneStøttekontaktTryggleiksalarmMatombringingDagsenterOmsorgsbustadAvlastning/dagopphald/aktivitetBrukarstyrt personleg assistent
Tenesta er ikkje lovpålagd.
Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1b
Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-7
Servicetorget eller pleie-og omsorgstenesentene kan gi hjelp til å søkje om omsorgsbustad. Dersom ein annan søkjer i ditt namn, må vedkomande ha fullmakt.
Helse- og sosialsektoren i Ål kommune har eitt felles søknadsskjema:
Søknad om tenester frå helse- og sosialsektoren
Søknadene blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
• Klage over vedtaket skal sendast til tildelingsteamet og deretter til Helsetilsynet i fylket. • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket. • Klagen skal oppgi kva du ønskjer endra i vedtaket, og ei grunngjeving for dette. Tildelingsteamet/saksbehandlar vil kunne gi rettleiing. • Klagen skal sendast tildelingsteamet. Held kommunen fast på avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket. Mottakaren av helsetenester kan også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast tildelingsteamet eller direkte til tenesteytaren, slik at saka kan bli løyst på lågaste nivå.
Servicetorget tlf. 3208 5000
NAV tlf. 3102 8800
omsorg, bustad, tilrettelagd, rørslehemma, bebuar, bevegelseshemma, heim, hus, husvære, heimeteneste, heimehjelp, pleie, eldre, funksjonshemma, gamal, hjelp, psykiatri, psykisk, fysisk, sosialteneste, husleige, bolig
Ål kommuneServicetorgetTorget 1, 3570 Ål, Telefon: 3208 5000Send e-post til Ål kommune