Økonomisk sosialhjelp

Beskrivelse

Økonomisk sosialhjelp skal sikre deg hjelp til livsopphald. Med dette meiner ein pengar som går med til å oppretthalde ein rimeleg livsstandard, slik som til mat, husleige, straum og eventuelt nødvendige klede.

Målgruppe

Dei som ikkje kan sørgje for sitt livsopphald gjennom arbeid eller andre inntektskjelder.

Vilkår

Dersom du ikkje kan forsørgje deg sjølv og har prøvd alle andre utvegar, har du krav på økonomisk stønad til livsopphald. Det kan stillast vilkår for hjelpa. Du kan bli bedd om å dokumentere kva for andre utvegar du har prøvd

  • om du har søkt om bustønad 
  • om du har nytta deg av dine rettar til eventuelle trygdeordningar 
  • om du har kontakt med Arbeids- og velferdsetaten og tar imot tilbod om arbeid eller kurs

Ta kontakt med ditt lokale NAV - kontor for å søke om økonomisk sosialhjelp.

NAV Ål
Torget 1, 3570 Ål
Telefon: 5555 3333

Samarbeidspartnere

Beslektede tjenester

Veiledning

Ta kontakt med ditt lokale NAV - kontor for å søke om økonomisk sosialhjelp.

 

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Klage på vedtaket skal sendast innan ein frist på tre veker frå vedtaket vart mottatt.
  • Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. 
  • I klagen skal ein oppgi kva ein ønskjer endra i vedtaket og grunngi dette. Kommunen kan hjelpe til med å skrive klagen.
  • Klageinstans er Fylkesmannen. Før klagen blir  send dit, skal den instansen i kommunen som fatta vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket står ved lag, vil saka bli send til Fylkesmannen for klagebehandling. 
  • Det blir sendt tilbakemelding om utfallet av klagebehandlinga enten frå Fylkesmannen eller frå kommunen.

Kontaktinformasjon

 

 

 

Annen informasjon

Søkeord

økonomi, sosial, hjelp, yting, stønad, lån, livsopphald, gjeld, bistand, pengar
Publisert
25.11.2008
Sist endret
12.10.2011

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune