Nabovarsel
Endret dato :
12.11.2010 10:03:33
Beskrivelse
Alle søknadspliktige tiltak (pbl §§ 20-1 og 20-2) skal nabovarslast. Alle naboar og gjenbuarar skal ha rett til å kome med merknader før søknaden blir send til kommunen.
Naboar/gjenbuarar skal få informasjon om at merknader må sendast søkjar/ansvarleg søkjar innan to veker etter at nabovarslet er sendt og grunnlagsmaterialet for søknaden er gjort tilgjengeleg.
Nabovarslet er gyldig i eitt år.
Målgruppe
- Søkjar (tiltakshavar/byggherre)
- Ansvarleg søkjar (byggfirma)
- Naboar/gjenbuarar (mottakar av nabovarsel)
Vilkår
Det er søkjar/ansvarleg søkjar sitt ansvar å varsle naboar/gjenbuarar, og nabovarsel skal sendast uavhengig av om naboeigedomane er utbygde eller ikkje. Dersom det er registrert fleire eigarar, skal alle varslast.
Naboeigedom er eigedom som har felles grense med den tomta som skal utbyggjast. Gjenbuareigedom er eigedom der kun ein veg, elv eller liknande ligg mellom gjenbuareigedomen og den tomta som skal utbyggjast.
Sameige/seksjonar/fellesareal skal varslast til styret, ved til dømes styreleiar. Er det ikkje valt styre, må alle medeigarar varslast.
Varslinga må vere gjennomførd før søknaden blir send til kommunen.
Veiledning
Nabovarslet skal fyllast ut av søkjar/ansvarleg søkjar. Varslet skal innehalde nok opplysningar frå søknaden (SAK10 § 5-2) til at naboar/gjenbuarar kan vurdere om tiltaket får noko å seie for deira interesser. Det skal framgå om tiltaket krev dispensasjon frå føresegnene gitt i plan- og bygningslova kap. 19.
Vedlegg/informasjon som skal følgje varselet:
- Målsett situasjonsplan
- Snitt- og fasadeteikningar
- Ved endra bruk skal det givast informasjon om tidlegare bruk
Varslet er gjennomført enten ved at nabo/gjenbuar kvitterer direkte på varslet og får ein kopi, eller ved at varslet blir sendt rekommandert (Posten gir kvittering). Mottakarane av varslet har to veker på seg med å kome med eventuelle merknader.
Klage
Nabo/gjenbuar
Du kan ikkje klage på at du tek imot et nabovarsel. Du kan likevel klage på den avgjerda kommunen tek i saka, enten det gjeld løyve eller avslag. Dersom du har sendt inn merknader til ei byggjesak, vil du bli part i saka og vil få kopi av vedtaket kommunen fattar.
Dersom du er nabo/gjenbuar til eigedom der det blir planlagt utbygging og likevel ikkje har motteke nabovarsel, kan du kontakte kommunen. Kommunen har heile tida oppdatert informasjon om kven som blir rekna som naboar/gjenbuarar til alle eigedomar.
Søkeord
Nabo, nabovarsel, tiltakshavar, ansvarleg søkjar, byggjesak,