Miljøplan i jordbruket
Endret dato :
16.12.2010 09:59:07
Beskrivelse
Miljøplanen skal vere eit hjelpemiddel for den einskilde gardbrukar til å gjere greie for og gjennomføre miljøtiltak på garden. Planen skal mellom anna bidra til meir miljøvennleg jordbruksproduksjon og synleggjere miljøinnsatsen i jordbruket. Miljøplan i jordbruket inngår som ein del av ”Kvalitetssystem i landbruket” (KSL), som dokumenterer korleis matproduksjonen går føre seg på kvart einskild gardsbruk. Miljøplanen skal ikkje sendast inn til landbruksetaten, men oppbevarast på føretaket i ti år for revisjon og kontroll.
Målgruppe
Alle landbruksføretak som tek imot produksjonstilskot.
Vilkår
Miljøplan trinn 1 skal liggje føre for alle landbruksføretak som tek imot produksjonstilskot. Trinn 1 består av sjekkliste, ev. med tiltaksplan, gjødslingsplan, sprøytejournal og kart. Dersom eit føretak manglar miljøplan ved søknad om produksjonstilskot, blir tilskotet redusert etter satsar fastsette i jordbruksavtalen. Miljøplan trinn 2 skal liggje føre for landbruksføretak som i tillegg søkjer om støtte til gjennomføring av spesielle miljøtiltak i jordbruket.
Veiledning
Kommunen kan hjelpe med å skaffe kart og generell informasjon om miljøplanarbeidet samt opplysningar om spesielle lokale miljøverdiar og miljøutfordringar som gjeld i det aktuelle området.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
miljøtiltak, SMIL, landbruk, økologisk