Kunnskapsprøva
Endret dato :
01.02.2012 10:50:38
Beskrivelse

Dersom du søkjer om sals- eller skjenkeløyve for alkohol, krevst det at kunnskapsprøve om alkohollovgjevinga er bestått.
Målgruppe
Styrar og nestleiar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkeløyve.
Vilkår
Kunnskapsprøva om alkohollova er ei fleirvalsprøve. Du vil få 45 minutt til å svare på prøva. For å få bestått prøve må 16 av 21 svar vere rette.
Veiledning
Kunnskapsprøva kan gjennomførast på Servicetorget. Opplysningar om kunnskapskrav til prøva og søknadsskjema får du i Servicetorget. Det krevst gyldig legitimasjon ved oppmøte for å gjennomføre prøva.
Klage
Det er ikkje høve til å klage, men prøva kan takast om igjen.
Annen informasjon
Før prøva blir gjennomførd, må det betalast eit gebyr på kr 300,-. Prøva kan gjennomførast fleire gonger dersom ho ikkje blir godkjend. Gebyr må betalast for kvar oppmelding.
Søkeord
bedrift, eksamen, servering, alkohol, sal, skjenkjing, dagleg leiar, styrar, innbytar, drift, planleggjing, kunnskap, vandel, prøve, test, bevis, løyve, verksemd, pub, restaurant, drink, vin, øl, brennevin, champagne, sjampanje, utestad, diskotek, hotell, pensjonat, dansestad