Oppmålingsforretning

Beskrivelse

Matrikkelen er det offisielle registeret over fast eigedom, med bygningar, bustader og adresser.

Før noko kan førast inn i matrikkelen, må det som hovudregel gjennomførast ei oppmålingsforretning.

Dette går ut på å kartleggje og omtale nærmare grenser og rettar til fast eigedom, og gi nødvendig dokumentasjon for matrikkelføringa, jf. matrikkellova § 33.

Kommunen er oppmålingsetat og har ansvaret for å gjennomføre oppmålingsforretningane. 

Landmålaren som har oppmålingsforretninga, går opp grensene i marka saman med dei partane det gjeld. Landmålaren kan gjere mindre justeringar av eksisterande grense dersom partane ønskjer det. Er det tvil om kvar eksisterande grense faktisk går, er det mogleg å la landmålaren avgjere dette som valdgiftsdomar.

Det skal førast protokoll frå oppmålinga og skrivast ut eit matrikkelbrev som inneheld grensepunkta og eit kart.

Desse tiltaka krev oppmålingsforretning før matrikkelføring:

  • ny grunneigedom, ny anleggseigedom, ny festegrunn eller nytt jordsameige
  • umatrikulert grunneigedom eller umatrikulert festegrunn
  • opplysningar om arealoverføring, grensejustering og klarleggjing av eksisterande grense
  • eigarseksjon som omfattar uteareal, eller nytt eller endra uteareal til eksisterande eigarseksjon.

Oppretting og arealoverføring av grunneigedom, festegrunn og anleggseigedom er søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova, jf. pbl. § 93 h. Rekvisisjon av oppmålingsforretning er då ein del av søknaden.

Grensejustering, grensepåvising, matrikulering av umatrikulert grunn, matrikulering av jordsameige og oppmåling av uteareal for eigarseksjonar er ikkje søknadspliktige. Rekvisisjon av oppmålingsforretning skal sendast inn utan at søknaden treng vere send på førehand.

Oppmålingsforretning er ikkje nødvendig for å matrikkelføre samanslåing, referanse til avtale om eksisterande grense, eller fastsetjing av samla fast eigedom, jf. matrikkellova §§ 18, 19, 20. 

Målgruppe

Oppmålingsforretning kan blant anna krevjast av:

  • den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedom, anleggseigedom 
  • den som ved rettskraftig avgjerd frå domstolane er kjend som eigar eller festar, eller er tilkjend
  • rett til å krevje at eit bestemt grunnstykke eller anlegg blir oppretta som eiga matrikkeleining
  • den som lovleg har teke over grunn eller anlegg ved oreigning (ekspropriasjon)
  • den som har innløyst festegrunn etter føresegnene i lov om tomtefeste.

Vilkår

Oppmålingsforretning skjer ved:

  • oppretting eller deling av grunneigedom eller anleggseigedom
  • oppretting eller deling eller festegrunn for meir enn 10 år
  • matrikulering av eksisterande grunneigedom eller festegrunn
  • påvising eller justering av grenser på eigedom
  • overføring av areal frå ein eigedom til ein annan
  • registrering av nytt eller endra uteareal til eksisterande eller nye eigarseksjonar.

Samarbeidspartnere

Kommunen kan ved enkelte høve velje å leige inn til dømes eit landmålarfirma. Det er likevel kommunen som står ansvarleg for at ei oppmålingsforretning blir korrekt utførd. Det skal ikkje føre til auka kostnader om kommunen leiger inn slik hjelp.

Beslektede tjenester

Veiledning

Rekvisisjon av oppmålingsforretning skal vere på ei form og med eit innhald som er godkjent av Statens kartverk. Det finst to variantar: 

  • 705880a Rekvisisjon av oppmålingsforretning for søknadspliktige tiltak etter pbl. § 93h
  • 705881 Rekvisisjon av oppmålingsforretning for saker etter matrikkellova

Rettleiing Statens kartverk

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Klaga skal sendast til kommunen som også kan gi rettleiing.
  • Står kommunen sitt vedtak ved lag, kan oppmålingsforretninga påklagast til Fylkesmannen.
  • Heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda får noko å seie for, kan klage.
  • Klagefristen er 3 veker etter mottak av matrikkelbrevet eller etter underretning om føring i matrikkelen.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Gebyr for arbeid skal etter matrikkellova betalast etter reglar og satsar som gjeld den dagen saka blir fremja for kommunen. Kommunen kan i tillegg krevje at nødvendige tinglysingsgebyr og eventuell dokumentavgift blir dekka, jf. matrikkelforkrifta § 16.

Dersom kommunen ikkje held gjeldande frist for oppmålingssaka (sjå nedanfor under saksbehandling), skal gebyret for oppmålingsforretninga og matrikkelføringa avkortast med ein tredjedel. Dersom kommunen sit over fristen med to månader til, skal gebyret avkortast med endå ein tredjedel, jf. matrikkelforskrifta § 18.

Søkeord

eigedom, grunn, sal, tomt, oppmåling, kjøp, feste, tinglysing, grunneigar, arv, skifte, frådeling, utskiljing, landmåling, grense, tomtedeling, justering, mark, matrikkelbrev, matrikkelføring
Publisert
09.07.2008
Sist endret
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune