RLE-faget – melding om fritak
Endret dato :
16.12.2010 10:14:35
Beskrivelse
Kristendoms-, religions- og livssynskunnskap (RLE) skal vere eit fellesfag for alle elevar, uavhenging av religiøs eller livssynsmessig bakgrunn. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av annan religion eller tilknyting til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Elevar som har fylt 15 år, sender sjølve melding. Trass i at det er forbod mot forkynning i skulen, kan det oppstå situasjonar som somme foreldre eller elevar opplever som problematiske. Fritaksretten gjeld alle skulefag. Skulen skal kvart år informere elevane og foreldra om reglane for fritak.
Målgruppe
Elevar og foreldre til elevar.
Vilkår
Foreldre eller elevar som opplever at undervisninga
- er utøving eller tilslutnad til annan religion eller anna livssyn
- er støytande eller krenkjande
Veiledning
Foreldre/føresette må melde skriftleg til skulen kva for aktivitetar dei vil eleven skal fritakast for. Elevar som har fylt 15 år, kan sjølve gi skriftleg melding utan samtykke frå foreldre/føresette.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
kristendom, religion, livssyn, skule, skole, elev, undervisning, fritak, klasse