Helsetilbod til flyktningar og asylsøkjarar

Beskrivelse

Asylsøkjarar og flyktningar som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen, har rett til nødvendige helsetenester på lik linje med andre som oppheld seg i kommunen. Helsetilbodet til kommunen skal sørgje for at asylsøkjarar og flyktningar får nødvendig somatisk og psykisk helsehjelp.

Målgruppe

Asylsøkjarar og flyktningar.
Innanfor denne gruppa skal ein særleg gi akt på og oppfølgjing til desse personane:

  • personar frå område der det er høg risiko for visse infeksjonssjukdomar
  • personar som har vore utsette for tortur og annan alvorleg psykisk eller fysisk traumatisering
  • einslege personar utan familienettverk
  • barn og unge som kjem åleine til Noreg
  • gravide
  • einslege forsørgjarar
  • kvinner som har vore utsette for valdtekt og annan seksualisert vald.

Vilkår

For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald. For personar over 18 år utan lovleg opphald gir lova rett til akutt helsehjelp.

Samarbeidspartnere

Veiledning

Kommunen vil sjølv sørgje for at innflyttarar, asylsøkjarar og flyktningar som nyleg er komne til mottak, får tilbod om helsetenester, og det er derfor ikkje nødvendig for desse å søkje om denne tenesta.

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova  klage på dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket.
  • I klaga må du gi ein nærmare omtale av dei forholda det blir klaga over. Du bør opplyse om kva du ønskjer endra, og grunngi dette. Kommunen vil kunne gi deg rettleiing.
  • Klaga skal sendast til den instansen i kommunen som har behandla saka. Står kommunen fast på avgjerda si, skal klaga sendast vidare til Helsetilsynet i fylket.
  • Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve måten tenesta blir utførd på. Klaga skal først sendast til kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det er høve til å løyse saka på lågaste nivå.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Andre dokument:
Eit inkluderande språk - brosjyre

Pris:
Tenestene er gratis, med mindre det følgjer av lov eller forskrift at det skal betalast vederlag.

Nærståande tenester:
Helsestasjon
Helsestasjon for ungdom

Andre dokument:

Eit inkluderande språk - brosjyre

Søkeord

Flyktninger, asyl, asylmottak, transittmottak, helsetilbud, helsetjenester
Publisert
06.02.2009
Sist endret
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune