Heimehjelp
Endret dato :
23.01.2012 12:46:56
Beskrivelse
Tenesta inneheld nødvendig praktisk hjelp i heimen til alle gjeremål i dagleglivet.
Målgruppe
Personar som har eit særleg behov for praktisk hjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, rusmiddelmisbruk, alder, eller av andre årsaker.
Vilkår
Heimehjelp blir gitt til dei som ikkje klarer å ha dagleg omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla. Det er kommunen som i samarbeid med søkjaren, avgjer kva for tenester som skal ytast.
Veiledning
Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å skrive søknaden.
Dersom ein annan søkjer på vegne av deg, må vedkomande ha fullmakt.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
eldre, gamal, omsorg, sjukdom, rusmiddel, misbruk, funksjonshemma, særskilt behov, heimen