Framskunda skulestart
Endret dato :
16.12.2010 09:22:42
Beskrivelse
Dersom foreldra søkjer om dette eller samtykkjer i det, kan kommunen etter sakkyndig vurdering frå Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) vedta at barnet skal ta til på skulen eitt år før, dersom barnet innan 1. april har fylt 5 år.
Vilkår
PPT skal greie ut saka. Utfallet vil vere avhengig av den sakkyndige tilrådinga frå PPT.
Veiledning
Foreldra sender søknad til rektor.
Rektor innhentar sakkyndig vurdering frå PPT.
Enkeltvedtak blir fatta av rektor.
Kva skal følgje søknaden:
- Grunngjeving frå føresette.
- Eventuell annan dokumentasjon.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
framskunda skulestart, tidleg skulestart, grunnskole, grunnskule, tidlegare skulestart