Forskotsskatt

Beskrivelse

Driv du sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonforetak) eller er deltakar i ansvarleg selskap, skal du betale forskotsskatt. Det vil seie at du betaler skatten så snart inntekta oppstår. Du får tilsendt innbetalingsblankettar fire gonger i året. Det du betaler i forskotsskatt, er utrekna på bakgrunn av overskotet året før. For at nye enkeltpersonforetak og ansvarlege selskap skal få tilsendt innbetalingsblankettar, må dei melde frå til skattekontoret om verksemda og fortelje kor stort overskot (eller underskot) dei ventar seg det første året.

Forskotsskatten skal innbetalast til skatteoppkrevjaren sin bankkonto. Innbetaling via bank kan skje elektronisk eller ved bruk av dei tilsende innbetalingsblankettane. Ved elektronisk betaling skal KID-nummeret oppgivast saman med betalingsoppdraget. KID-nummer kan ein også få ved å kontakte  skatteoppkrevjaren eller på www.skatteetaten.no.

Målgruppe

Personar som driv sjølvstendig næringsverksemd (enkeltpersonforetak) eller er deltakar i ansvarleg selskap.

Vilkår

Samarbeidspartnere

Skattekontoret fastset kva som skal betalast i skatt, medan skatteoppkrevjaren i kommunen (kemner/ kommunekasserar) tar seg av innbetalingar og innkrevjing.

Beslektede tjenester

Lover

Skattebetalingslova kap. III og VI

Skattebetalingsloven

Veiledning

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Dersom du ikkje er enig i utskrivinga av forskotsskatten, må du sende søknad om endring av utskriven forskotsskatt til skattekontoret.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Andre dokument:
Meir informasjon finst på skatteetaten si heimeside Skatteetaten.no eller ein kan ringje gratisnummer 800 80 000.

Søkeord

Inntekts- og formuesskatt, inntektsskatt, formuesskatt, forskuddstrekk, skattetrekk, inntektsoppgave
Publisert
06.02.2009
Sist endret
23.04.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune