Retten til å jakte tilhøyrer i utgangspunktet grunneigaren. Fellingsløyve for elg, hjort, rådyr, villrein og bever blir tildelt godkjende vald (det geografiske området for jakta) utan årleg søknad. For småvilt - unntatt bever - krevst ikkje fellingsløyve.
Grunneigaren kan utarbeide ein fleirårig, maksimalt femårig, bestandsplan for vald som er godkjende for jakt på elg og/eller hjort. Kommunen skal godkjenne planen og gir i så fall eit samla fellingsløyve for heile planperioden. For villrein er det villreinnemnda som godkjenner bestandsplanar. Godkjende villreinvald får tildelt fellingsløyve for kvart enkelt jaktår.