Etablerarprøva

Beskrivelse

Etablerarprøva skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som har noko å seie for drifta.  Kommunen er ansvarleg for å gjennomføre og rette etablerarprøva.

Målgruppe

Dagleg leiar i verksemder som har eller søkjer om serveringsløyve.

Vilkår

For å få serveringsløyve må dagleg leiar av staden ha greidd etablerarprøva (dette er ikkje det same som kunnskapsprøva etter alkohollova) og ha god vandel. Etablerarprøva er ei fleirvalsprøve. Det blir sett av 90 minutt for elektronisk svar på prøva. Kandidatar som leverer svaret på papir, får i tillegg 10 minutt til å overføre svara til kolonnene på framsida av prøva. For å greie prøva må 40 av 50 svar vere rette.

Samarbeidspartnere

Beslektede tjenester

Veiledning

Etablerarprøva blir halden i kommunen. Det krevst gyldig legitimasjon ved oppmøte for å ta prøva.

Opplysningar om kunnskapskrav og pris per prøve får ein i kommunen. Ein betalar avgifta på førehand og tar med kvitteringa på prøvedagen.

Etablereropplæring

Vinn - verdiskapning i norsk næringsliv

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

Det er ikkje høve til å klage på utfallet av prøva, men prøva kan takast om igjen.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

bedrift, etablering, eksamen, servering, alkohol, sal, økonomistyring, oppstart, dagleg leiar, drift, planleggjing, kunnskap, vandel, prøve, test, bevis
Publisert
09.07.2008
Sist endret
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune