Eigarseksjonering

Beskrivelse

Eigarseksjonering er ein måte å dele opp eigarinteressene i ein eigedom på når vanleg tomtedeling er praktisk vanskeleg.

Eigarseksjonering eignar seg mellom anna for oppdeling av bustadblokkar og horisontaldelte to- og firemannsbustader.

Ein eigarseksjon er ei eiga juridisk eining som kan omsetjast og pantsetjast uavhengig av resten av eigedomen eller brukseiningane

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Vilkår

For å få etablert ein seksjon må brukseininga (-ane) vere godkjend(e) etter reglane i plan- og bygningslova for det formålet den skal tene.

Når det gjeld eksisterande bygningar, inneber dette at pålagde bygningsmessige tiltak må vere gjennomførde før seksjoneringa kan skje.

  • Det må knyttast einerett til bruk av brukseininga 
  • Hovuddelen i brukseininga må vere ein klart avgrensa og samanhengande del av ein bygning på eigedomen 
  • Inndelinga må gi ei formålstenleg avgrensing av kvar brukseining

Samarbeidspartnere

Beslektede tjenester

Veiledning

Kommunen kan kontaktast for å få hjelp til å søkje om eigarseksjonering.

Vedlegg  til søknaden:

  • Planteikningar 
  • Situasjonsplan - kart over eigedomen som skal seksjonerast 
  • Vedtekter 
  • Namneliste over dei som bur der

Søknadsskjema

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

sal, kjøp, inndeling, oppmåling, kjøp, sal, tinglysing, bygningseigar, hus, eigedom, bustadblokk, horisontal tomannsbustad, firemannsbustad, utskiljing, juridisk eining, brukseining, bustad, seksjon, einerett
Publisert
09.07.2008
Sist endret
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune