Bygdeutviklingsmidlar - bedriftsretta tiltak

Beskrivelse

Bygdeutviklingsmidlar, som går inn under jordbruksavtalen, skal leggje til rette for næringsutvikling i jordbruket, desentralisert busetnad og gi like vilkår for kvinner og menn.

Bygdeutviklingsmidlar er inndelte i to hovudgrupper:

  • Midlar til utgreiings- og tilretteleggjingstiltak som kommunar, lag og organisasjonar kan søkje på, og som blir forvalta av Fylkesmannen (ikkje nærmare omtalt her) .
  • Midlar til bedriftsretta tiltak som den einskilde gardbrukar kan søkje på, og som blir forvalta av distriktskontora til Innovasjon Norge.

Bedriftsretta tiltak kan vere:

  •  Etableringsstipend (oppstart av tilleggsnæring) 
  • Bedriftsutvikling (vidareutvikling av tilleggsnæring) 
  • Investeringar (m.a. opprusting og nyinvestering i driftsbygningar og bygningar for tilleggsnæring) 
  • Generasjonsskifte (nødvendige tiltak i driftsbygningar mv. i samband med generasjonsskifte) 
  • Praktikantordningar

Målgruppe

Landbruksforetak og foretak som driv næringsutvikling med utgangspunkt i ressursane i landbruket.

Vilkår

Søknaden blir vurdert i høve til dei fylkesvise retningslinjene som er utarbeidde av Innovasjon Norge.

Samarbeidspartnere

Fylkesmannen utarbeider den regionale strategien for bygdeutviklingsmidlane. Denne strategien dannar igjen grunnlag for dei fylkesvise retningslinjene som distriktskontora til Innovasjon Norge utarbeider.

Beslektede tjenester

Veiledning

Du kan kontakte kommunen for å få rettleiing og hjelp til å søkje Innovasjon Norge om bedriftsretta bygdeutviklingsmidlar.

Søknadsfrist

Saksbehandling

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Kontaktinformasjon

Annen informasjon

Søkeord

verksemd, etablering
Publisert
05.02.2009
Sist endret
19.03.2012

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune