Buplikt
Endret dato :
03.11.2011 09:32:52
Målgruppe
- Personar som har overtatt ein landbrukseigedom med buplikt.
- Personar som har søkt konsesjon og får buplikt som eit vilkår for konsesjonen.
- Personar som har overtatt eigedom i kommunar med nedsatt konsesjonsgrense.
Vilkår
Buplikta blir oppfylt ved at eigaren sjølv bur på eigedomen. Vilkåret om at eigedomen er teken som reell bustad er oppfylt når eigaren er registrert i Folkregisteret som busett på eigedomen.
Det kan søkjast om endring av buplikta på eit seinare tidspunkt. Kommunen vil då vurdere om det er nye høve som gjer at buplikta blir endra.
Veiledning
Den som ikkje kan eller vil busetja seg på eigedomen innan eit år må søkje konsesjon. Konsesjonssøknaden skal sendast til den kommunen der eigedomen ligg. Ta kontakt med kommunen for spørsmål.
Søknadsfrist
Søknad om utsettjing eller fritak må sendast innan eit år frå overtakingsdato.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.
Søkeord
landbruk, eigedom, gard, overføring, tileigning, fritak, drift, konsesjon, odel, bu- og driveplikt