Kommunalt viltfond

Kommunalt viltfond er eit bunde driftsfond som kommunen forvaltar til viltføremål. Inntektene kjem frå fellingsavgifter innbetalt av jaktlaga og inntekter frå fallvilt. Lag, organisasjonar og rettshaverar kan søke om tilskot til tiltak for betre viltforvalting
- Føremål
Føremålet med kommunale viltfond er å stimulere viltforvaltinga i kommunen.
Fondet kan nyttast til:
- tiltak for å betre viltforvalting, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering m.m. i kommunen og nabokommunar gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, einskildpersonar eller kommunen sjølv.
- å dekke kommunens utgifter til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen.
- tiltak for å førebygge skader på landbruksnæring gjort av hjortevilt.
Fondet kan ikkje nyttast til:
- kommunal administrasjon av viltforvaltninga (faste utgifter til lønn, møtegodtgjersle, reiser o.a.).
- å erstatte skader gjort av vilt.
- skotpremiar.
Vilkår
Tilskotet vert utbetalt etter at tiltaket er gjennomført. Det er ellers ingen særskilte vilkår.
Saksgang
Søknad om tilskot frå kommunalt viltfond vert handsama av Vilt og innlandsfiskenemda. Søknad vert å sende Ål kommune Utviklingsavdelinga. Om ikkje saka kan handsamast innan 3 veker skal søkjar ha melding om forventa handsamingstid. Det er ingen søknadsfrist. Søknadane vert handsama etterkvart.
Kommunalt viltfond er lovfesta i Forskrift om kommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort
For meir informasjon kontakt: sakshandsamar vilt og fisk:
Anders Guton Halland