Retningsliner for søknad om tilskot til spelemiddelanlegg
Årshjul - spelemiddelsøknader
Dette gjeld gangen i arbeidet med å få godkjenning og tilskot til eit anlegg som kan få spelemidlar frå staten
April
Lysing i Hallingdølen om at skjema for innmelding av nye prosjekt kan eventuelle søkjarar få ved å vende seg til kulturkontoret.
1. juni
Frist for å sende inn melding om og søknad om kommunalt tilskot til nye prosjekt. Her skal søkjarane gje stutt informasjon om kva for anlegg det vil bli fremja ny søknad om seinare på året. Anlegga må stå på den uprioriterte lista i "Plan for anlegg og område for idrett og friluftsliv". Denne planen blir revidert kvart fjerde år (1999, 2002, 2006 osv). Grunngjeving (behovsoppgåve) skal leggjast ved. Dei innkomne søknadene blir så lagt til grunn for rulleringa av den prioriterte handlsingsplanen i "Plan for anlegg og område for idrett og friluftsliv".
Juni-august
Kulturkontoret, teknisk etat og søkjarane skal i denne perioden gå gjennom dei ulike søknadene og rulleringa av planen (prioriteringsrekkefølgje), og sender denne ut på høyring til idrettsrådet og andre partar som har søknader inne.
1. september
Frist for søknad om kommunalt tilskot (eige søknadskjema).
September
Kulturutvalet vedtek prioritert handlingsprogram og tilrår kommunalt tilskot. Teknisk etat førehandsgodkjenner planane.
Oktober
Kommunestyret vedtek kommunalt tilskot og tidsramma for dette.
15. november
Frist for å sende inn komplett søknad (søknadskjema frå Kulturdepartementet). Søkarar som sender inn fornya søknad på anlegg, har og denne fristen.
November/desember
Kulturkontoret kvalitetssikrar søknadene. Søkarane blir kontakta om noko manglar. Oppdatering av KRISS.
31. desember
Siste frist for å koma med manglande dokumentasjon.
15. januar
Kulturkontoret sender søknaden til Buskerud fylkeskommune