Grunnskuleopplæring for vaksne skuleåret 2011/2012

Vaksne har rett til grunnskoleopplæring:

- dersom dei ikkie har fullført 10-årig grunnskule
- dersom dei ikkje har fullført 9-årig grunnskule
- dersom dei ikke har fullført 7-årig folkeskule
- dersom dei manglar enkeltfag
- dersom dei kjem frå eit anna land og manglar heilt eller delvis grunnskule
- dersom dei har 7-årig folkeskule og ynskjer grunnskuleopplæring  

Andre grunnar: 

-lese og skrivevanskar
-matematikkvanskar
-ynskjer å forbedre karakterar på gamle vitnemål frå grunnskulen.  

Fullført grunnskule gir rett til videregåande opplæring. 

Du kan velge mellom eitt eller fleire av desse faga:

  • Norsk
  • Matematikk
  • Engelsk
  • Natur- og miljøfag
  • Samfunnsfag (historie, geografi, samfunnskunnskap)  

IKT (data) er hjelpemiddel i undervisninga. 

Det blir satt  i gang undervisning i eitt eller fleire  av desse faga, avhengig av ynskjer frå dei som søkjer opplæring. Undervisninga vert satt i gang med atterhald om at det melder seg tilstrekkeleg antall elever.
Opplæringa går over 2 skoleår.  

Undervisinga er gratis.
Undervisingsstad: Læringssenteret Gol Vaksenopplæring.

For innvandrarar og flyktningar:

Det er ein føresetnad for opptak at vedkomande har lovleg opphald i Noreg (asylsøkjarar har ikkje rett til grunnskuleopplæring for vaksne).
Vidare stiller vi som vilkår at søkjar har gode kunnskapar i norsk, minimum A 2 nivå munnleg og skriftleg.
For deltakarar som er på Introduksjonsprogram vil eit opptak på grunnskule måtte skje i forståing med aktuelt NAV kontor/flyktningekonsulent

 

 

Søkjarar kan vende seg til Læringssenteret Gol vaksenopplæring, tlf 32029235 eller servicetorget i eigen kommune for søknadsskjema og meir informasjon.  

Søknadsfrist 15. juni 2011  

Søknadsskjema finn du her

 

Publisert
03.06.2011
Sist endret
03.06.2011
Publisert av
Inger Lervåg

Kontaktinformasjon

Ål kommune
Servicetorget
Torget 1, 3570 Ål, 
Telefon: 3208 5000

Send e-post til Ål kommune  

Snarveier